Hopp til innhold

Vil du vere rektoren som verkeleg gjer ein forskjell?

Arbeidsgiver

Fyresdal kommune

Sted

3870 Fyresdal

Om jobben

Stillingstittel
Rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Fyresdal kommune søkjer ein modig, synleg og utviklingsdriven rektor som vil ta leiinga i å vidareutvikle ein skule der elevane trivst, lærer og meistrar. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil setje retning, byggje kultur og skape resultat i ein liten kommune med store ambisjonar.

Gimle skule er ein 1-10 skule med om lag 145 elevar, der du som rektor får eit reelt handlingsrom og nærleik til både elevar, tilsette og lokalsamfunn. Du får det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, fagleg utvikling og dagleg drift, og du vil vere ein tydeleg pådrivar for kvalitet i opplæringa. Vi ønskjer ein leiar som set tydelege mål, følgjer opp resultat og utviklar ein skulekultur prega av høge forventningar, tryggleik og inkludering.

Som rektor i Fyresdal får du ikkje berre leie ein skule -- du får vere med å forme eit heilt oppvekstmiljø. Du samarbeider tett med kommunalsjef for kultur og oppvekst og er ein viktig del av leiinga i kommunen. Her vil du ha påverknadskraft og moglegheit til å utvikle tenestene til det beste for barn og unge.

Vi ser etter deg som er ein relasjonssterk og motiverande leiar, med eit sterkt engasjement for elevane si læring og utvikling. Du er trygg i leiarrolla, evnar å ta tydelege val og trivst med ansvar. Du har god pedagogisk forståing og ønskjer å jobbe strategisk med skuleutvikling, samtidig som du er tett på kvardagen. Du har pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå og leiarerfaring frå skule eller oppvekstsektor. Leiarutdanning vil også vere en fordel. Du har god digital kompetanse og kjennskap til skuleadministrative verktøy. Dersom du har erfaring med utviklings- eller kvalitetsarbeid vil dette også vere ein fordel.

Hos oss får du ei sentral og meiningsfull leiarstilling, der du verkeleg kan utgjere ein forskjell. Fyresdal kommune tilbyr eit godt fagmiljø, korte avgjerdsvegar og eit lokalsamfunn som bryr seg. Her får du påverke, utvikle og sjå konkrete resultat av arbeidet ditt.

Høyrest dette spennande ut?

Ta kontakt med våre rådgjevarar i Headvisor, Kristin Haugen Lindbak (+47 971 55 441) eller Morten G. Aggvin **(+47 410 47 125)**dersom du ønsker meir informasjon om stillinga.

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "Vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn -- for innbyggarar, næringsliv og tilsette. Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst. Prosjektet med eit hyperskala datasenter på Molandsmoen i Fyresdal har fått internasjonal merksemd -- eit gigantisk datasenter i ei lita bygd! Prosjektet vil kunne bidra til langsiktig industriell utvikling, betydeleg byggeaktivitet og styrkt næringsgrunnlag i regionen.

Kommunen ligg sentralt plassert i Telemark fylke og hadde ved utgangen av 2025 eit folketal på 1274.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59689ac8-8d94-43a8-86bc-7bfa31421c5d

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

463721456

Lignende annonser

Laster lignende annonser