Ergoterapeut / Fysioterapeut
Hareid kommune, Helse og koordinerande eining
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Ergoterapeut / Fysioterapeut
- Oppstart
- 1. april 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. februar
Ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon, og vi har ledig eit vikariat i perioden 01.04.2026 – 31.03.2027. Vikariatet kan bli forlenga.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver knytt til brukarar i alle aldrar, både når det gjeld førebygging, habilitering og rehabilitering.Arbeidsoppgåver
Mellom anna:
- førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering
- behandle av pasientar på sjukeheim, i hovudsak på korttidsavdeling
- kartlegge og vurdere brukarar
- bidra i ulike lågtersketilbod, som forebyggande heimebesøk
- vektlegge meistring, førebygging og tidleg innsats for å fremme aktivitet, deltaking og inkludering
- bidra til fagleg utvikling av tenestene
- samarbeide tett tverrfagleg med aktuelle instansar og rettleiing av anna personell
- formidle hjelpemiddel
- planlegge og drifte treningsgrupper i samarbeid med kollega
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som ergoterapeut eller fysioterapeut
- evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
- erfaring frå grupper og tverrfagleg samarbeid
- erfaring med formidling av hjelpemiddel
Vi krev politiattest av ny dato før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
- er imøtekomande med positivt fokus på å yte gode tenester
- har evne til samarbeid og skape gode relasjonar
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- er fleksibel, løysningsorientert og initiativrik - og har stor arbeidskapasitet
- jobbar systematisk og ordentleg
- ønsker å bidra til heilskapeleg utvikling av kommunale tenester
- er engasjert i fagutvikling og anna utviklingsarbeid
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sunniva Røyset, Fysioterapeut, 95891285, sunniva.royset@hareid.kommune.noPerdis Holstad, Einingsleiar, +47 95891281
Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5063800656
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 05.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Perdis Holstad
Einingsleiar
+47 95891281
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
db01db01-b0dc-4f8c-a6a2-a57cacb3cbac
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c36608d8ac3470d8a6a3d7b3c3bbbb7
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bu- og habilitering seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Sted
Fosnavåg
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Bu og habilitering - Hjellebakken
Sted
Hareid
Arbeidsgiver
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund