Hopp til innhold

Helgestillingar og tilkallingsvikar i heimetenesta

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Eining for heimetenester

Sted

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar og tilkallingsvikar i heimetenesta
Type ansettelse
Vikariat, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider.

Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode norskkunnskapar, som er trygge i rolla si og motivert for å gjere ein forskjell. Du må kunne ivareta brukarane våre på ein fagleg og omsorgsfull måte, og bidra til tenester av høg kvalitet. Gode samarbeidsevner, arbeidskapasitet, samt ei løysingsorientert og nytenkjande tilnærming er viktige eigenskapar. Heimebaserte tenester er ei døgnkontinuerleg teneste for personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.

Arbeidsoppgåver

  • stelle/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vakt
  • gi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, i tillegg til praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimer
  • lage til måltid og syte for god ernæring
  • administrere medikament etter kompetanse
  • sørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførte
  • jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer
  • dokumentere i vårt dokumentasjonssystem Gerica

Du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg.

Kvalifikasjonar

  • sjukepleiar/vernepleiar
  • helsefagarbeidar
  • miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom 
  • pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
  • student i relevante helsefag

Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar

  • evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • har tydelege, gode etiske og faglege haldningar
  • er positiv, har godt humør, viser engasjement og interesse for fagområdet, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • arbeider strukturert og ryddig
  • har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • dyktige kollegaer med sterk fagleg kompetanse og engasjement
  • ein arbeidsplass som prioriterer fagutvikling, kompetanseheving og etisk refleksjon
  • engasjerte og trivelege medarbeidarar som bidreg til ein betre kvardag for brukarane våre
  • ein arbeidsfellesskap der vi har fokus på å løfte kvarandre og spela kvarandre gode
  • løn etter gjeldande avtalar

 

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Intern søkjar

Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.


Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon

Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5100554902
Stillingsprosent: 15%
Vikar
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sutharsiny Satheeskumar

Einingsleiar

+47 46801312

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cf8a1386-1bf3-4251-82d6-5c177b48e036

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

849efa4c4d6045e59192f3ae870d2ace

Lignende annonser

Laster lignende annonser