Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Eining for heimetenester

Sted

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi søkjer derfor ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi har ei fast 90 % stilling i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og eit 100 % svangerskapsvikariat i tredelt turnus med helg på natt. Oppstart er så snart som mogleg.

Vi ser etter ein person som tek ansvar, møter menneske med varme og respekt, og som er løysingsorientert i møte med nye utfordringar. Du trivst med ein aktiv kvardag der ingen dagar er heilt like, og du evnar å halde humøret oppe sjølv når arbeidsmengda er stor. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er viktige eigenskapar i denne rolla, og vi ønskjer oss ein medarbeidar som bidreg positivt både fagleg og sosialt.

Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du moglegheit til å utvikle deg vidare og tileigne deg verdifull erfaring. Arbeidet vårt handlar om å gi brukarane god livskvalitet, styrke eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu i eige heim så lenge som mogleg. Tenesta omfattar både heimebuande brukarar og personar i omsorgsbustadar, alltid med eit sterkt fokus på fagleg kvalitet og brukarens behov. Du blir ein viktig del av den vidare utviklinga i ei eining som er i vekst og endring.

I sektor for velferd jobbar vi tett saman på tvers av einingar for å skape trygge og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit lag der vi hjelper kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi dei beste tenestene til innbyggjarane våre.

 


Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til brukarane som bur i heimane og omsorgsbustad. Vi legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med brukar, og samarbeider godt med andre einingar og faggrupper i velferd.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • utføre arbeidsoppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for eininga
  • gi heilskapleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmestring
  • dokumentere arbeidet i samsvar med lovverket
  • bruke velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Difor er det krav om at du

  • er helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller har anna relevant helsefagleg utdanning
  • kan medikamenthandtering
  • meistrar bruk av IT i det daglege
  • kan leggje fram ny og gyldig politiattest ved tilsetjing
  • har førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god og forsvarleg måte
  • tilpassar deg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen, og du legg vekt på personsentrert omsorg.
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt 
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp- trygg, omsorgsfull og fagleg engasjert

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Stabilitet, gode verdiar og arbeidsmoral er viktig for oss. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.

Vi tilbyr

  • varierte oppgåver med vekt på fagleg utvikling og godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • ein triveleg arbeidsfelleskap med mange dyktige kollegaer
  • aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
  • ein variert og utfordrande jobb med mange spanande arbeidsoppgåver 
  • kurs gjennom NHI og Veilederen
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande avtaleverk

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!

Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

 

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon

Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5098706775
Stillingsprosent: 90, 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sutharsiny Satheeskumar

Einingsleiar

+47 46801312

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

30590478-70c7-4a1a-bbad-a7742a6561b6

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4f853937610a4ac9a758c63e8c47c575

Lignende annonser

Laster lignende annonser