Helsefagarbeider
Herøy kommune, Heimetenester
Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Heimetenesta i Herøy kommune søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med og sikre gode tenester til innbyggjarane våre. Hos oss får du eit variert arbeid, stor grad av sjølvstende og moglegheit til å bruke kompetansen din i møte med menneske i ulike livssituasjonar. Heimetenesta i ytre Herøy har ledig tre 80 prosents stilling for helsefagarbeidar. Stillingane er ledig frå 01.04.26
Vi er opptekne av å arbeide for eit inkluderande arbeidsmiljø, og vi ser etter deg som er interessert i ein variert arbeidskvardag med fokus på høg fagleg kvalitet saman med gode kollegaer.
Arbeidstida er for tida fordelt i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, det kan vere moglegheiter for langvakter på 14 timar.
Arbeidsoppgåver
- yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering)
- nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp)
- erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel)
- gode datakunnskapar (erfaring med Gerica er ein fordel)
- kurs i legemiddelhandtering (kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting)
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
- førarkort klasse B
- Vi har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
- likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer
- fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
- fagdag i turnus
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 56092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5082178688
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Maria Kristin Kvalsvik
Seksjonsleiar
+47 99210059
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
305bdab6-918f-451b-8d6a-a1536d941075
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb0ac48ff3014650a76f3f0a665fc6d7