Hopp til innhold

Årsvikariat norsk/engelsk i kombinasjon med relevante samfunnsfag

Arbeidsgiver

Flora Vidaregåande Skule

Sted

Professor Gjelsviksveg 22, 6900 Florø

Om jobben

Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Frå 01.08.26 har vi ledig årsvikariat innan språk- og relevante samfunnsfag

Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. april

Hva vi ser etter

Du som vert til sett må ha undervisningskompetanse i aktuelle språk- og samfunnsfag, og kunne legge fram politiattest av nyare dato.

Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell. Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande. Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.

Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv og i lag med andre, og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling.

Arbeidsoppgaver

Undervisning i aktuelle språk- og samfunnsfag etter kompetanse og behov. Skulen har særleg kompetansebehov innan norsk og/eller engelsk, i kombinasjon med andre fag skulen tilbyr. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver. Ta kontakt med skulen ved spørsmål fagsamansetnad

Vi tilbyr

Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med Avdelingsleiar Solveig Helene Brekke (tlf 975 47 766) eller rektor Knut Chr. Clausen (tlf 415 30 684) Søknadsfrist: 28.04.26

Om bedriften

Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d7ae6bbd-ebfe-4fdb-b74e-bae8fde084c3

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

d7ae6bbd-ebfe-4fdb-b74e-bae8fde084c3

Lignende annonser

Laster lignende annonser