Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Nepjarhaugen barnehage

Sted

Markegata 59, 6900 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
27. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Kinn kommune har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar i Nepjarhaugen barnehage. Stillinga er ledig frå 27.04.2026 til 15.01.2027.

Nepjarhaugen barnehage opna i august 2023 og ligg i Florø sentrum. Den er organisert som avdelingsbarnehage med 4 avdelingar. Barnehagen er moderne og framtidsretta med gode fasilitetar for barn og tilsette. Vi har industrikjøkken med eiga pedagogisk arbeidssone og spisesone for barna,  fellesrom med moglegheit for fysisk aktivitet og eit eige språkrom der det er tilrettelagt for språkstimulerande aktivitetar. Dette støttar opp om den pedagogiske profilen vår som bygger på 4 satsingsområde: Kosthald og måltid, fysisk aktivitet, språk og kommunikasjon og mangfald og inkludering. Barnehagen har, eller held på med å utarbeide, planar for kvart av desse områda.  

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar har ansvar for å: 

  • setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn 
  • leie arbeidet med å planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda hen er sett til å leie 
  • rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylte gjennom det pedagogiske arbeidet 
  • spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap 
  • arbeide målretta med å inkludere barn, føresette og tilsette i barnehagen sine utviklings- og avgjerdsprosessar 

Kvalifikasjonar

Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er opptatt av å sikre barna ei god fysisk og psykisk helse i eit trygt, støttande og inkluderande barnehagemiljø. Det er fint om du har kompetanse og interesse innanfor eitt eller fleire av satsingsområda våre, men det er ikkje eit krav. Det viktigaste er at du er open og fleksibel, har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne. Vidare må du vere motivert, endringsvillig, løysingsorientert og opptatt av di eiga læring. Du må like å jobbe i eit pulserande barnehagemiljø med høgt tempo og fokus på organisasjons-, profesjons- og kvalitetsutvikling. 

Vi tilbyr

Løn etter tariff

Kompetanselønssystem

KLP pensjonsordning og god forsikringsordning.

Brei og høg kompetanse i personalgruppa

Høgt fagleg fokus

Kontaktinformasjon

Nina Marie Faye Matre, Fungerande styrar i Nepjarhaugen barnehage, 91108274

Arbeidsstad

Markegata 59
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5108783052
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 27.04.2026
Sluttdato: 15.01.2027
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Nina Marie Faye Matre

Fungerande styrar i Nepjarhaugen barnehage

91108274

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eda4f1be-029d-4fbb-aaf4-b4824251838c

Sist endret

7. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6353deece1764b86a0f314b264339c2f

Lignende annonser

Laster lignende annonser