Hopp til innhold

Barne- og ungdomsfagarbeidar

Arbeidsgiver

 Havrenes barnehage

Sted

Markegata 59, 6900 Florø, Porsvegen 11, 6905 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsfagarbeidar
Oppstart
13. august 2026
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. april

Havrenes barnehage har 5 avdelingar. Stillinga som fagarbeidar innan barne- og ungdomsfaget er eit engasjement og med atterhald, på ulike avdelingar. Vi søker deg som har formell- og/eller realkompetanse innan barnehageyrket.
Barnehagen har eit stort og variert uteområde, og ligg fantastisk til ved friområdet Nordnes/Havreneståa. Vi har to-pedagogordning og er praksisbarnehage for Høgskulen i Vestland og Flora vidaregåande skule. Satsingsområde er fellesskapande leik og inkludering og leselyst. Barnehagen sin visjon er "Saman er vi gode", som mellom anna vil sei å å ha trygt og godt arbeidsmiljø der personalet torer å by på seg sjølv, gi kvarandre tilbakemeldingar og ein kvardag prega av humor og glede.

Arbeidsoppgåver

Vere med og skape eit trygt og inkluderande miljø som fremjer barna sin trivsel og utvikling
Vise omsorg og støtte for kvart enkelt barn i kvardagen
Ta initativ til og delta aktivt i leik og aktivitetar som gir glede og læring
Samarbeid med foreldre for å sikre barnets beste
Medverke til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø i avdeling og i barnehagen, teamarbeid
Delta i det pedagogiske arbeidet og vere med på å utvikle barnehagen sin praksis

Kvalifikasjonar

Fagbrev barne og ungdomsarbeidar
Realkompetanse innan arbeid i barnehage

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner
Evne å medverke inn i eit fagleg fellesskap
Fagleg styrke og interesse for å lære meir
Ser verdien av å setje leiken sin eigenverdi i fokus
Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø med andre dyktige fagarbeidarar, assistentar og pedagogar
Løn etter tariff
Kompetanseløn
Pensjon og forsikringar i KLP

Kontaktinformasjon

Heidi Grande Røys, Tenesteleiar Havrenes Barnehage, +47 97511013

Arbeidsstad

Porsvegen 11
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5108573905
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 13.08.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 28.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Heidi Grande Røys

Tenesteleiar Havrenes Barnehage

+47 97511013

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a5a61223-40f2-431f-b713-cea0f89a7d1d

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e773c45cb0fd4c4eba25eabcd35e21a3

Lignende annonser

Laster lignende annonser