Hopp til innhold

Faglærar – Teknologi- og industrifag

Arbeidsgiver

Flora Vidaregåande Skule

Sted

Professor Gjelsviksveg 22, 6900 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. april

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg med fagbrev innan mekaniske eller relevante fag og minst fire års yrkeserfaring etter fagbrev. Teknisk fagskule, høgare utdanning eller yrkesfaglærarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Har du ikkje formell tilsettings- og undervisningskompetanse, kan du tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan ein nærare gjeve frist. Politiattest må leggjast fram.

Det er ynskjeleg med:
  • Undervisningserfaring.
  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

Som lærar må du trivast med å arbeide med ungdom og vere ein tydeleg og inkluderande rollemodell. Vi ønskjer deg som er oppteken av å skape eit godt læringsmiljø, og som kan kombinere fagleg tyngde med evne til samarbeid, refleksjon og utvikling.

  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av søkjarar. Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.

  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Arbeidsoppgaver

Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning og oppfølging av elevar på både Vg1 og Vg2 Industri og teknologifag, både i klasserom og på verkstad. Undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil òg vere ein del av stillinga. Du får ansvar for oppfølging og vurdering av elevar, og vil vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv og opplæringskontor for å gi elevane ei relevant opplæring og ein trygg overgang til lære og arbeidsliv. Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

  • 100 % fast stilling med undervisning i programområde

  • Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med framtidige fagarbeidarar og gode kollegaer, samt tilrettelegging for vidareutdanning.
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadsfrist 28.04.26.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26.

Om bedriften

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og
yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og
vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b8b391ca-540e-4302-9ad8-18c1d1a0f4b9

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b8b391ca-540e-4302-9ad8-18c1d1a0f4b9

Lignende annonser

Laster lignende annonser