Lærar i språk- og samfunnsfag - norsk, engelsk og samfunnsfag
Flora Vidaregåande Skule
Professor Gjelsviksveg 22, 6900 Florø
Om jobben
Flora vidaregåande skule ligg i Florø. Frå 01.08.26 har vi ledig heil stilling innan språk- og samfunnsfag med hovudvekt på undervisning i norsk og/eller engelsk i kombinasjon med andre relevante språk- og samfunnsfag.
- Stillingstittel
- Lærer
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. april
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Du som vert til sett må ha undervisningskompetanse i aktuelle språk- og samfunnsfag, og kunne legge fram politiattest av nyare dato
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell. Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande. Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv og i lag med andre, og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling.
Arbeidsoppgaver
Undervisning i aktuelle språk- og samfunnsfag etter kompetanse og behov. Skulen har særleg kompetansebehov innan norsk og/eller engelsk, i kombinasjon med andre fag skulen tilbyr. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver. Ta kontakt med skulen ved spørsmål fagsamansetnad.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med avdelingsleiar Solveig Helene Brekke (tlf 975 47 766) eller rektor Knut Chr. Clausen (tlf 415 30 684) Søknadsfrist: 28.04.26
Om bedriften
Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44ff4c7c-a5b0-4fa8-ae71-22846e530e71
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
44ff4c7c-a5b0-4fa8-ae71-22846e530e71