Hopp til innhold

Prosjektstilling - lågterskeltilbod for barn, unge og familiar 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing 100% prosjektstilling lågterskeltilbod for barn, unge og familiar 2026
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

Om stillinga 

Gulen kommune har, for tida ved eining helse, ledig i inntil 100% prosjektstilling innanfor lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Oppstart er etter avtale med einingsleiar og eitt år fram. Det kan verte mogleg med noko forlenging. 

Vi søkjer ein person som ønskjer å gjere ein forskjell for sårbare barn, unge og familiar. Du må ha god relasjonskompetanse, kunne arbeide tverrfagleg og vere oppteken av heilskaplege tenester på tvers av sektorar. 

Prosjektstillinga er ein sentral del av kommunen sitt arbeid med å styrkje det førebyggjande arbeidet for barn, unge og familiar. Målet er å skape trygge og gode oppvekstvilkår gjennom tidleg innsats og ved å fange opp utfordringar på eit tidleg tidspunkt. Stillinga skal bidra til å førebyggje at utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus utviklar seg.

Stillinga er organisatorisk knytt til eining helse, men arbeidet vil gå på tvers av sektorar, og heile kommunen kan vere arbeidsområde. Oppmøtestad er Eivindvik.


Bakteppe 

Gulen kommune har fått tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland til å utvikle, etablere og tilpasse eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod for foreldrerettleiing for familiar med barn 0-18 år med psykiske plager eller rusrelaterte belastningar. Prosjektstillinga er tenkt delt slik; om lag 50% av arbeidet vil vere retta direkte mot oppfølging av barn, unge og familiar, medan den resterande prosent vil vere knytt til vidare utvikling av meir samordna tenester i kommunen. Stillinga skal bidra til at familiar får tidleg hjelp, utan krav om tilvising. 


Me tilbyr

  • Ein historisk og framtidsretta kommune med fin natur og kjekke folk 
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Ledig barnehageplass i kommunen 
  • Hjelp til å orientere seg i bustadmarknaden

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle, etablere og vidareutvikle eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod innan foreldrerettleiing, familiestøtte og psykisk helse for barn og unge
  • Gi oppfølging og rettleiing til barn, unge og familiar gjennom samtalar, gruppetilbod og andre relevante tiltak
  • Bidra til tidleg innsats, førebyggjande arbeid og heilskaplege tilbod i tett samarbeid med aktuelle tenester og samarbeidspartnarar
  • Vere med å utvikle tenesta, mellom anna når det gjeld målgruppe, organisering, rutinar, metodar, informasjon, evaluering og vidare oppfølging
  • Andre oppgåver kan kome til

Noko ettermiddags- og kveldsarbeid må reknast med


Kvalifikasjonskrav 

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes; helse-, sosial-, barnevern-, pedagogikk-, psykologi-, familie- eller oppvekstfag.
  • Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning og erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, gjerne innan lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, tidleg innsats eller tverrfagleg samhandling
  • Kompetanse i kunnskapsbaserte rettleiingsmetodar og forståing for psykisk helse, rus og korleis belastningar i familien påverkar barn og unge, er ein fordel
  • Du må kunne arbeide systematisk med utvikling, dokumentasjon, evaluering og rapportering, og ha gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg 
  • Gyldig politiattest må leggjast fram av den som ver tilsett

Personlege eigenskapar 

  • Du er trygg, raus og god til å byggje relasjonar, og møter familiar med respekt, varme og fagleg tryggleik
  • Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt og trivst med tverrfagleg arbeid
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig, men er samstundes fleksibel, løysingsorientert og god til å finne praktiske tiltak
  • Du tek initiativ, skaper tillit og trivst med å utvikle tenester også i ein fase der ikkje alt er fullt ut avklart
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Kontaktperson for stillingen

Linda M. Hantveit

Konstituert einingsleiar helse

+4741464116

linda.hantveit@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d6797df4-8a17-4821-99d5-5d2b5185d860

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303160

Lignende annonser

Laster lignende annonser