Hopp til innhold

Fysioterapeut, i inntil 100% fast

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Helse. Tilsetjing 100% fast st. fysioterapeut frå snarast/etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

Om stillinga 

Vil du verte vår nye fysioterapeut? Me kan tilby spanande og varierte arbeidsoppgåver. Er du utdanna fysioterapeut, håpar me du vil sjekke ut denne annonsen og legge inn ein søknad til oss.  

Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som fysioterapeut, med tilsetjing frå tidlegast august 2026/etter avtale. 

Gulen kommune er ein god stad å bu og arbeide, og me ynskjer deg hjarteleg velkomen. Gulen kommune har i dag to fysioterapeutar, kor delar av tilbodet er via driftstilskot, og ein ergoterapeut. Vår nye kommunale fysioterapeut vil verte ein del av eit godt fysio-/ergoterapeutfelleskap, og vil yte tenester i heile kommunen. Tenesta har i dag tett samarbeid med heimebaserte tenester og sjukeheim. Arbeidskvardagen vil vere varierande med oppfølging av ulike aldersgrupper både ved institusjon i heile kommunen og ved heimebesøk. Kontorstaden er ved Gulen sjukeheim. Tenestene er organisert under eining helse, som også inneheld andre kurative tenester.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling og oppfølging på individ- og gruppenivå
  • Kartlegge funksjonsnivå og hjelpebehov av brukarar 
  • Deltaking i individuelle behandlingsplanar 
  • Førebyggjande arbeid/folkehelsearbeid 
  • Vere med å vidareutvikle fysioterapitenesta 
  • Opplæring av tilsette 
  • Delta i aktuelle prosjekt 
  • Hjelpemiddelformidling (bestille, tilpassing, tilbakelevering, kommunalt lager) 
  • Arbeidsoppgåver innan kommunal koordinatorfunksjon er lagt til tenesta 
  • Andre oppgåver etter behov

   Me tilbyr                                           Sletting av studielån

  • Ein kjekk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta studielånet ditt. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde: www.regjeringa.no). 


Kvalifikasjonar 

  • Autorisasjon som fysioterapeut 
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid som fysioterapeut 
  • Ynskjeleg med erfaring frå søknadsprosess i høve NAV/hjelpemidlar 
  • Har førarkort klasse B 
  • Gyldig politiattest
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk) 
  • God relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel, strukturert og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Har evne til å skape tillit og jobbe med endring 
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag 
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø 
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Linda Hantveit

Konstituert einingsleiar helse

+4741464116

linda.hantveit@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ff589f2-4476-4e36-bc8b-45edb05256dc

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303156

Lignende annonser

Laster lignende annonser