Hopp til innhold

Psykolog, 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing psykolog, 100% fast stilling frå etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

Om stillinga 

Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Oppstart etter avtale. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn. 

Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising. 


Me tilbyr 

  • Konkurransedyktig løn
  • Spanande og varierte oppgåver 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Moglegheit for spesialisering 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Hjelp til å sjå etter bustad

Sletting av studielån!

Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta studielånet ditt. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no). 


Bakteppe

I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenesteutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene i stillinga vil verte tredelt, med hovudfokus på fylgjande område: 
    • førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper 
    • rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen 
    • plan- og utviklingsarbeid på systemnivå 
  • Andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar 

  • Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist 
  • Det er ein fordel med med relevant klinisk erfaring 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk) 
  • Førarkort kl B
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 

Me ynskjer at du: 

  • Har evne til å sjå heilskap og samanhengar 
  • Er pliktoppfyllande, fleksibel, strukturert og løysingsorientert 
  • Har evne til å skape tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team, og har gjennomføringskraft 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommunar er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • Det vert det stilt krav om politiattest på den som får stillinga 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Kontaktperson for stillingen

Linda Hantveit

Konstituert einingsleiar helse

+4741464116

linda.hantveit@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar.

Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c24c24a1-b6a8-4d6f-ab35-3d8e8efbd9b3

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10303158

Lignende annonser

Laster lignende annonser