Fastlegestillingar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eining helse. Tilsetjing fastlegar i Gulen kommune
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Gulen legekontor - om stillingane
Gulen kommune lyser etter:
- 100% fast stilling som fastlege. Oppstart etter avtale.
- 100% fast stilling som fastlege. Oppstart etter avtale.
Fleksibilitet kring arbeidstid kan leggast til rette for.
Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Det er i tillegg LIS1- lege. Kontoret har koordinator og legesekretærar som støttepersonell. Kjenneteikn ved arbeidsmiljøet er; godt humør, godt samarbeid, ein trygg arbeidskvardag med høve til faglege diskusjonar og rettleiing.
Sjå filmsnutt frå fastlege i Gulen kommune.
.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=nqrtub05bIwArbeidsoppgåver
- Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Fastlegelistene har for tida eit tak på 850 pasientar. Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
- Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på ettermiddag/natt og helg. Den nye fastlegen må rekne med å delta i legevakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane. Dersom det lar seg gjennomføre for drifta, tilrettelegger kommunen for tilpassing av arbeidsdag når lege har legevakt i Knarvik.
Kvalifikasjonskrav
- Spesialist i allmennmedisin, eventuelt ALIS. Kommunen kan tilby ALIS-forløp om dette ikkje er starta
- Ynskjeleg med lege med vaktkompetanse
- Må kunne jobbe sjølvstendig
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at legane er stabile og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet.
- Legane må også vere fleksibel og kommunisere/samarbeide godt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det vert stilt krav om at legane kommuniserer svært godt på norsk - både munnleg og skriftleg. Legen må ha bestått norskprøve på B2- nivå.
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe54e7d7-d7b7-4726-a552-3e4c659809c1
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281740
Lignende annonser
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 75% fast sjukepleiar
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Fastlege (januar 2026)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Arbeidsgiver
Emploi
Sted
Nordland, Vestland