Hopp til innhold

Er du serviceinnstilt og likar å jobbe med menneske

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Samfunn, kultur og næring

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
100% fast stilling som konsulent i samfunn, kultur og næring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å vera ein del av samfunn, kultur og næring i Lærdal kommune?

I avdelinga jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu og besøke. No har du moglegheit til å bli ein viktig del av dette arbeidet. Som konsulent i tenestetorget vil du vera eit av dei fyrste møta innbyggjarar og besøkande har med kommunen – og du vil spele ei sentral rolle i å sikra god service og profesjonell oppfølging. Stillinga inneber òg ansvar som politisk møtesekretær, noko som gir deg ei viktig rolle i lokaldemokratiet.

Me ser etter deg som er serviceinnstilt og likar å jobbe med menneske. For å lykkast i rolla trur me du er samarbeidsvillig, fleksibel og engasjert.

Ønskjelege kvalifikasjonar:
  • Relevant høgare utdanning – relevant erfaring kan kompensere for dette
  • God digital kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Erfaring med offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgåver:
  • Politisk møtesekretær
  • Sakshandsaming
  • Service og sentralbordarbeid
  • Dokumentforvaltning
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast
Me tilbyr:
  • Ein variert arbeidskvardag
  • Fleksitid etter avtale
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Trine Grøttebø

Kommunalsjef samfunn, kultur og næring

+47 92223874

trine.grottebo@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d37b9600-b33b-4fc7-a65f-8eb18d3d3da8

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593981_248645_nn

Lignende annonser