Bli del av eit utviklingsorientert læringsfelleskap?
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
Skulevegen 11, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- To 100% årsvikariat som lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å vera lærar i Lærdal kommune?På Lærdalsøyri skule jobbar me for å skapa eit trygt og læringsfremjande miljø for alle elevar. Me søkjer lærarar som byggjer gode relasjonar, samarbeider godt og har eit ekte engasjement for elevane si utvikling.Hjå oss blir du ein del av eit sterkt profesjonelt læringsfellesskap der me samarbeider tett, delar kompetanse og støttar kvarandre i arbeidet.
Me tilbyr to 100 % årsvikariat for skuleåret 2026–2027 med moglegheit for fast tilsetjing.Utdanning/kvalifikasjonar:- Godkjent lærarutdanning for 5. - 10. trinn
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Undervisningskompetanse i fleire av faga matematikk, naturfag, engelsk, spansk, norsk og musikk
- Undervisningserfaring er ønskjeleg
- Erfaring som kontaktlærar er ønskjeleg
- God digital kompetanse i eige arbeid og i læringsarbeid med elevane
- Det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknadspapira, men leggjast fram før tiltreding.
- God relasjonell kompetanse i møte med elevar, foreldre og kollegaer
- Gode samarbeidsevner
- God forståelse for rolle og profesjon
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Eit utviklingsorientert læringsfelleskap der elevane sitt lærings- og skulemiljø står i fokus
- Dyktige kollegaer som samarbeider godt
- Rettleiing for nyutdanna lærarar
- Tett oppfølgjing frå skulen si leiing
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fd3f8952-7d86-46d9-82bf-a0abd27a49f9
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3601333_228189_nn
Lignende annonser
100% fast stilling som barnehagelærar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal
To 100 % årsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Sted
Lærdal