Er du utdanna barnehagelærar og ønskjer å arbeide som pedagogisk leiar?
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Lærdalsøyri barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling. Du må like å leia, og trivst med dei utfordringar som følgjer ei slik rolle.
Som pedagogisk leiar har du det overordna ansvaret på avdelinga. Du må trivast med og vere god på foreldresamarbeid. Du må ha oversikt og sjå behova til både enkeltbarn og barnegruppa.
Du må vera fagleg sterk og trygg på ditt syn på barn. Som pedagogisk leiar samarbeider du tett med PPT, barnevern, helsestasjon og andre samarbeidspartar.
Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.
Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.
Ønskjelege kvalifikasjonar:- Barnehagelærarutdanning – eller ønskje om å starta på denne utdanninga
- Det er ei føremon med leiarerfaring
- God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
- Du må beherske digitale verktøy, opplæring vert gitt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:- Overordna leiaransvar på avdelinga
- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
- Observasjons-, vurderings- og dokumentasjonsarbeid knytt til enkeltbarn og barnegruppa
- Gjennomføring av foreldresamtalar
- Samarbeida tett med eksterne samarbeidspartar
- Andre arbeidsoppgåver må påreknast
- Ein variert arbeidskvardag
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
- Tilsetting i ei trygg, offentleg, verksemd
- Moglegheiter for å ta barnehagelærarutdanning
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c99f4ad-ab47-4db2-99df-ec97f28334c9
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3598505_228191_nn
Lignende annonser
100% fast stilling som barnehagelærar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Sted
Lærdal
To faste heiltidsstillingar som barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal