Har du lyst til å jobba med ein gøyal gjeng?
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- To faste heiltidsstillingar som barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å jobba med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjera Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling. Du må lika å vera i bevegelse, bruka heile deg og bidra til eit lærande miljø for borna.
Som barne- og ungdomsarbeidar tek du del i det daglege arbeidet på avdelinga. Du må trivast med og vera god på foreldresamarbeid. Du må ha oversikt og sjå kvar du trengst på avdelinga.
Du må lika å gå på tur, vere ute i all slags ver året rundt og ikkje minst bruka omgjevnadane inn i det pedagogiske arbeidet med borna. Å undra seg saman med borna, og kunne ta deira perspektiv er viktige eigenskapar me ser etter.
Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.
Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.
Ønskjelege kvalifikasjonar:- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ei føremon med erfaring frå barnehage
- God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
- Tett samarbeid med pedagogisk leiar og det øvre personalet
- Stadfortredar for pedagogisk leiar eller barnehagelærar
- Samarbeide tett med eksterne samarbeidspartar
- Andre arbeidsoppgåver må påreknast
- Ein variert arbeidskvardag
- Konkurransedyktige lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
- Tilsetting i ei trygg, offentleg verksemd
- Moglegheiter for å ta barnehagelærarutdanning
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8bf83103-18f7-4d99-a04b-eeb270b2f604
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3598411_228191_nn
Lignende annonser
100% fast stilling som barnehagelærar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Sted
Lærdal
100% fast stilling som pedagogisk leiar i Lærdalsøyri barnehage
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Sted
Lærdal