60% Fast stilling som Konsulent
Hordaland friomsorgskontor
Allehelgens gate 2, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Konsulent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Om stillinga
Ved Hordaland friomsorgskontor er det ledig 60% fast stilling som konsulent.Hovudoppgåvene for denne stillinga er saksbehandling, sentralbord og administrative oppgåver. Stillingsinnehavaren har eit sjølvstendig ansvar for den daglege utføringa av oppgåvene og må ofte utøve skjønn for å kunne treffa ein del av dei nødvendige avgjerdene.Stillinga er plassert ved hovudkontoret i Bergen. Hordaland friomsorgskontor har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 40 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og me legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø. Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerer fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og NDsenteret i Bergen.Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling
- Arkiv
- Sentralbord
- Post/kopi
- Økonomi
- Tenesteoppsett
- Det må forventes endring i oppgåver.
Utdanning og erfaring
KonsulentDu må ha- fullført vidaregåande utdanning, 10 års relevant erfaring
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- dokumentert erfaring med saksbehandlingssystema; elements, doculive og gat-soft
personlege egenskaper i tråd med etatens verdiar
- Bachelor i økonomi og administrasjon
- Erfaring frå Kriminalomorga
--------------------------------------------------------------------------
Personlege eigenskapar
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- kantine
- treningstid
- fleksitidsordning
- Konsulent, stillingskode 1065, lønnes innenfor ramma 460 000 – 570 000.Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Friomsorgsleiar Morten Cornell Jacobsen tlf. 47314378.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d05da207-254a-4f60-9978-02a676f01fc2
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288287