Vi trenger flere superhelter på ungdomslaget!
Nav Askøy
Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Ungdomsveileder
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 23. mai
Vi i Nav Askøy har som mål å bistå dei som treng oss mest. Bistanden skal vere fagleg godt forankra, og rettleiarane våre skal ha eit genuint ønskje om å gjere ein forskjell for dei vi følgjer opp.
Ungdom som får oppfølging frå Nav, er ei av gruppene som treng oss mest. Ønskjer du å arbeide med ungdom mellom 16 og 30 år som treng rettleiing for å kome i utdanning eller arbeid? Er du fleksibel, god til å motivere og ønskjer å bidra til positiv utvikling? Trivst du i ein variert og hektisk kvardag? Då kan du vere personen vi ser etter.
Avdeling ung og familie har no ledig eit vikariat knytt til foreldrepermisjon.
Hos oss får du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga vi har. Vi jobbar tverrfagleg med ulike metodar og tilnærmingar.
Nav Askøy held til i moderne lokale på Kleppestø. På kontoret er vi 70 medarbeidarar og samarbeider tett med Nav Øygarden, som saman utgjer Region Vest i Nav Vestland. Nav Askøy er lokalisert sentralt på Kleppestø senter, eit steinkast unna Bergen sentrum. Det er gode kollektive samband, og vel du å køyre privatbil, køyrer du mot trafikken. På Nav Askøy jobbar vi med ulike fagfelt gjennom ulike arbeidsmetodikkar.
I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva erfaringar du har som er viktigast i ungdomsoppfølginga hos Nav.
Planlagd oppstart er hausten 2026.
Kva går jobben ut på?
- individuell oppfølging av ungdom, med kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på kompetansen og moglegheitene den enkelte har for å kome i varig arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet.
- drift av gruppetiltak
- vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning
- samarbeide med interne og eksterne aktørar
- leie møte og leggje til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartnarar
- saksbehandling etter gjeldande lovverk
- følgje opp arbeidsgivar og ungdom på arbeidsplassen. Vi arbeider etter hybridmodellen.
Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå rettleiings- og motiveringsarbeid
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
Det er ein fordel om du har
- kjennskap til Nav sine tenester, juridisk forståing og offentleg forvaltning
- erfaring med oppfølging av menneske i utanforskap eller tilsvarande situasjonar
- god kunnskap om utdanningssystema og arbeidsmarknaden
- evne til å byggje relasjonar og nettverk
- eit genuint engasjement for å arbeide med ungdom
- erfaring med å arbeide endringsretta med personar som har ulike helsemessige og sosiale utfordringar
Kva ser vi etter hos deg?
- strukturert, resultatorientert og systematisk i arbeidshardagen og i oppfølginga av ungdom
- robust og har evne til å arbeide tett på ungdom i ein krevjande livssituasjon
- kreativ og i stand til å tenkje nytt
- evnar å kommunisere tydeleg og setje grenser
- ein god lagspelar og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?
- spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
- fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- tilsetjing som rådgjevar i stillingskode 1434 med lønsspenn frå kr 630 000 til kr 660 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Waqas Younis, Avdelingsleder , 48357587, waqas.younis@nav.noArbeidssted
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5125193453
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 23.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cddb9ebd-aa32-4879-8e2c-adb6cac61498
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a82a3ac75834409eb19da9ea6353ee97