Hopp til innhold

Rettleiar / sosialkonsulent - vikariat

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar / sosialkonsulent - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 5. juni

Om stillinga

  • Trivst du med å rettleie og jobbe tett på enkeltmenneske? Har du pågangsmot og engasjement for å jobbe med mennesker som av ulike grunne har mista tilknytninga si til arbeidslivet, eller skal inn i arbeidslivet for første gong? Våger du å ta dei nødvendige samtalane og evnar å avdekke utfordringar som står i vegen for at brukarane våre skal nå måla sine om jobb og sjølforsørging? Har du trua på at alle menneske kan få og behalde arbeid? Då er du sannsynleg den vi leitar etter!

     

  • Vi har ledig eitt års vikariat for perioden 01.08.2026 til 31.08.2027 i stilling som saksbehandlar i økonomisk sosialhjelp ved Nav Osterøy Du som blir tilsett vil bli ein del av eit team med fagleg sterke medarbeidarar med brei og lang erfaring. Du vil også jobbe med utviklingsarbeid som styrker barneperspektivet og sikrar at barna sine behov blir ivaretekne i familiar med behov for Nav sine tenester.

Arbeidsoppgåver

Kartlegging og arbeidsretta oppfølging av brukarar 

Saksbehandling etter lov om sosiale tenester 

Kartlegging og saksbehandling skal sikra ein heilhetleg oppfølging av brukarar med sikte på avklaring i forhold til arbeid, skule, undervisning eller anna aktivitet. 

Ha kontakt med arbeidsgjevarar, heilsetenestar og andre samarbeidspartar. 

Hjelp til med råd og rettleiing under dette enkel økonomisk rådsgjeving 

Delta i aktuelle nettverk internt og eksternt 

Bidra til fagleg utvikling på kontoret 

Delta i rullerande mottaks-vaktordning


Vi tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte oppgåver 
  • Eit godt og fagleg arbeidsmiljø som er oppteken av utvikling
  • Gode og inkluderande kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Kvalifikasjonskrav

  • Vi ønskjer oss i hovudsak sosionomar eller barnevernspedagogar, men søkarar med bachelor innanfor helsefag, økonomi eller juridiske fag vil bli vurderte.
  • Relevant erfaring
  • Gode kommunikasjonsevner og gode norskkunskaper muntleg og skriftleg
  • Vi ønskjer at du har
  • Rettleingskompetanse
  • God sosialfagleg og økonomisk forståing
  • Erfaring med å kunne stå i utfordrande situasjonar og det å ha til tider ein ufoutsigbar arbeidsdag
  • God forståing av relevant lovverk

Kven er du?

  • Evne til god og tillitsbyggande kommunikasjon, der du skaper gode menneskemøte. Respekt og rausheit skal stå høgt for menneske som er seg i ulike livssituasjonar, og dessutan kollegaer og samarbeidsinstanser.
  • Vi liker godt kreative og «utanfor boksen» løysninger som sikrar forsvarleg praksis.
  • Du liker utfordringar, er løysningsorientert, initiativrik og fleksibel, og dessutan er robust og handterer emosjonelt krevande situasjonar.
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagd.
  •  

  • Offentleg tenestepensjon

     I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

    Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

    Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


    Kontaktperson for stillingen

    Vigleik Kalland

    Leiar Nav Osterøy

    +4745390505

    Vigleik.kalland@osteroy.kommune.no

    Om bedriften

    Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

    Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

    I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

    Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e0133846-8b4c-4006-878e-1bedbfd651fd

    Sist endret

    20. mai 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10296749

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser