Hopp til innhold

Vil du bidra til god kvalitet og utvikling av våre tenester?

Arbeidsgiver

Nav Bergen sør

Sted

Kokstadflaten 40, 5257 Kokstad

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar med fagansvar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Nav Bergen sør skal tilsette ein rettleiar med fagansvar. Inntil halvparten av stillinga vil nyttast til oppgåver som fagansvarleg. Dette inneber ansvar for den faglege utviklinga i avdelinga og kontoret. Du blir del av eit team på tre fagansvarlege som jobbar tett saman, og på tvers av avdelingar og fagområde. Teamet vil vere representert i ulike regionale nettverk og fagfora, ta ned endringar i relevante regelverk og ytingar i kontoret, bidra til organiseringa av rettleiingsarbeidet, drive opplæring av tilsette, samt lage planar for fagleg utvikling og årshjul. Teamet vil også ha tett samarbeid med leiinga.

Fagansvarleg skal ha kompetanse på rettleiing og oppfølging av sjukmelde, oppfølging av brukarar som mottek arbeidsavklaringspengar og som har ein arbeidsgjevar dei skal attende til. Resten av stillinga går på å vere rettleiar for brukarar på veg tilbake til eige arbeid eller anna avklaring. Nav Bergen sør held til på Kokstad. Kontoret har ein todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Den ledige stillinga er i den statlege delen av kontoret, i ei avdeling som arbeider med brukarar over 30 år.

Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og færre skal vere avhengige av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.


Kva går jobben ut på? 

  • delta aktivt i fagmøter og fagforum   
  • halde seg oppdatert på fagområdet    
  • sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av kontoret   
  • vere fagleg støtte for leiar og kollegaer    
  • vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av våre tenester   
  • oppfølging og rettleiing av eigen brukarportefølje

Det kan bli endring i ansvar og arbeidsoppgåver.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?  

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå.  Samfunnsfagleg, juridisk, pedagogisk eller helsefagleg utdanning er ein fordel.  Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god erfaring med fagleiing, kollegarettleiing eller kompetanseutvikling
  • god erfaring med kartlegging, rettleiing og oppfølging av sjukmelde og/eller personar med nedsett arbeidsevne 
  • kunnskap om saksbehandling og relevant lovverk, særleg Nav-lova, folketrygdlova og forvaltningslova
  • erfaring med Nav sine fagsystem, og digital kompetanse som gjer at du raskt kan setje deg inn i ulike digitale system 
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du har  

  • god kjennskap til arbeidsmarknaden 
  • kunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring 

Kva ser vi etter hos deg?

  • er ein tydeleg fagleg pådrivar og støttespelar    
  • kommuniserer godt og formidlar fag på ein tydeleg måte   
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • har gode samarbeidsevner   og bygger tillit og relasjonar internt og eksternt
  • har evne til å skape engasjement og motivasjon for endring  har evne til å ta faglege avgjersler, også i vanskelege situasjonar 

Kvifor velje oss?

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde   
  • eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer   
  • gode høve til utvikling   
  • fleksitidsordning, trening i arbeidstida, bybanestopp rett ved, parkeringshøve  
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
    tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå  kr 675 000 til kr. 750 000 per år. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.  
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Bente Woods, Avdelingsleiar, 957 60 993, bente.sandum.woods@nav.no

Arbeidssted

Kokstadflaten 40
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5136095999
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Bente Woods

Avdelingsleiar

957 60 993

bente.sandum.woods@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d236fb6-03a4-486a-be66-2ecf81eec8ae

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b542cb7eeef240d7a50c6e975454ac86

Lignende annonser

Laster lignende annonser