Hopp til innhold

Rådgjevar med fagansvar

Arbeidsgiver

Nav Bergen nord

Sted

Åsane senter 19, 5116 Ulset

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarlig
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 4. juni

Vil du bidra til god kvalitet og utvikling av våre tenester

Nav Bergen nord skal tilsetje ein rettleiar med fagansvar. Tretti prosent av stillinga vil nyttast til oppgåver som fagansvarleg. Dette inneber ansvar for den faglege utviklinga i avdelinga og på kontoret. Du blir del av eit team på tre fagansvarlege som jobbar tett saman, og på tvers av avdelingar og fagområde. Teamet vil vere representert i ulike regionale nettverk og fagforum, ta ned og formidle endringar i relevante regelverk og ytingar i kontoret, bidra til organiseringa av rettleiingsarbeidet, drive opplæring av tilsette, samt lage planar for fagleg utvikling og årshjul. Teamet vil også ha tett samarbeid med leiinga. Fagansvarleg skal ha kompetanse på rettleiing og oppfølging av brukarar med nedsett arbeidsevne, og som mottek arbeidsavklaringspengar. Resten av stillinga går ut på å vere rettleiar for brukarar på veg tilbake til eige arbeid eller anna avklaring.

Nav Bergen nord held til i Åsane senter. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Den ledige stillinga er i den statlege delen av kontoret, i ein avdeling som arbeider med brukarar under 30 år. Nav sitt mål er at flest moglege skal vere i ordinært lønt arbeid eller anna aktivitet, og færre skal vere avhengige av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom innsatsen og kompetansen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.


Kva går jobben ut på?

  • oppfølging og rettleiing av eigen brukarportefølje
  • fagleg støtte for leiar og kollegaer   
  • delta aktivt i fagmøte og fagforum, samt halde seg oppdatert på fagområdet
  • sikre informasjonsdeling og kompetanseoverføring til resten av kontoret  
  • vere ein pådrivar for opplæring og fagleg utvikling av tenestene våre

Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan juridisk, helsefagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk retning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god kjennskap til arbeidsretta oppfølging av brukarar med nedsett arbeidsevne og oppfølging av mottakarar av arbeidsavklaringspengar 
  • erfaring frå kartlegging, rettleiing og oppfølging av personar med nedsett arbeidsevne, samt gode kunnskapar om regelverket for arbeidsavklaringspengar og tiltak
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • god kjennskap til arbeidsmarknaden
Det er ein fordel om du har
  • erfaring med Nav sine fagsystem, og digital kompetanse som gjer at du raskt kan setje deg inn i ulike digitale system
  • kunnskap om saksbehandling og relevant lovverk som Nav-lova, folketrygdlova og forvaltningslova
  • kunnskap om Lean og prosessar for kontinuerleg forbetring

Kva ser vi etter hos deg?

  • ein pådrivar og støttespelar    
  • evne til å arbeide sjølvstendig 
  • gode samarbeidsevner  og evne til å skape engasjement og motivasjon for endring 
  • trygg i å ta faglege avgjerder i krevjande situasjonar

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 675 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Erik Rasmussen, Kontorleder, 91380529, erik.rasmussen@nav.no

Arbeidssted

Åsane senter 19
5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5132757953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Erik Rasmussen

Kontorleder

91380529

erik.rasmussen@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69a8c1ed-8ccf-4521-98d1-14b2d6d32dc5

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

969f9b6f89674ff083ae46c2cb376092

Lignende annonser

Laster lignende annonser