Hopp til innhold

Stiryddar i Vang kommune - Sommaren 2026

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Stiryddar i Vang kommune - sommaren 2026
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
6

Etat for Utdanning og kultur har sommarjobbar som stiryddar for sommaren 2026, for ungdommar og studentar som er fjellvante og likar seg ute i Vang sin flotte natur! 


Arbeidsoppgåver

  • Stirydding– rydding og merking av turstinettet i Vang kommune
  • Kongevegsrydding – rydding, slått og vedlikehald av kongevegtrasear

Kvalifikasjonar

  • Fleirtallet av ryddarane bør ha fylt 18 år og ha førarkort
  • Ungdom i aldersgruppa 16-18 år kan også søkje
  • Erfaring med bruk av kantklippar og motorsag er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Må trivast med fysisk arbeid
Søknaden din bør innehalde informasjon om
  • din motivasjon for å søkje stillinga
  • kva tidsrom du kan arbeide
  • du har førarkort for bil/traktor
  • du disponerer bil
  • din erfaring med bruk av kantklippar og motorsag (evnt. motorsagkurs)
Ungdommar og studentar vert prioritert

Vi tilbyr

  • Flotte og aktive dagar ute i vakker natur
  • Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Jon Eggen, Konsulent, 90186731, eggenj@online.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5089988004
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 25.03.2026

Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
  • Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr 
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c984c602-9aae-42dc-9913-204ba59ab21c

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

71e571baf71c4cc8a7ff9dbf6c06207d

Lignende annonser

Laster lignende annonser