Hopp til innhold

Ferievikarar i Tilrettelagte tenester

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Brennebakkin 3, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar i Tilrettelagte tenester
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar i eit godt fagmiljø? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar.

På grunn av endra behov i tenesta, søkjer vi fleire ferievikarar til sommaren 2026. Oppstart er fortrinnsvis no i juni, og det er moglegheit for å jobbe utover hausten.

Om du er nysgjerrig på å arbeide i tenesta, er dette ei flott muligheit til å prøve seg!

Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov og funksjonsvariasjonar
  • Utøve målretta miljøarbeid
  • Hjelpe og veilede tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeider eller annan relevant fagutdanning er ein fordel. Andre kan og søke.
  • Kjennskap til målretta miljøarbeid er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
  • Evne til å arbeide målretta etter tiltak
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil er ein stor fordel
  • Godkjent politiattest må framleggast før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvstendigheit i fokus
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
  • Positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Me oppfordrar særleg unge frå 18 år og oppover som er nysgjerrige på tenesta til å søkje

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • God pensjonsordning
  • Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Brennebakkin 3
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5141002067
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 21.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Maren Hvitmyhr

Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester

+47 90074703

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

08e8c012-c9fe-40c8-a2dc-5f84eeaa0793

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aaabb2cc67e14a2f996bb5e4df3850c7

Lignende annonser

Laster lignende annonser