Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar innan reinhald
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3

Vang kommune søkjer etter tilkallingsvikarar innan reinhald for dei ulike avdelingane i kommunen. Ved ferie og fråvær vil det vere både kortvarig og noko lengre behov for vikarar, og me søkjer deg som er fleksibel og samarbeidsorientert.

Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.


Arbeidsoppgåver

  • Reinhald ved ulike avdelingar ved ferie og fråvær
  • Kvalifikasjonar

    • Gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid
    • Gode norskkunnskapar vil vere ein fordel ift HMS og stoffkartotek
    • Sertifikat for bil kan vere ein fordel
    • Gyldig politiattest skal leverast for avdelingar knytt til born, og helse - og omsorg

    Personlege eigenskapar

    • Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
    • Vera motivert, engasjert og strukturert
    • Ha gode evner til samarbeid
    • Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver

    Vi tilbyr

    • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
    • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
    • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.

    Kontaktinformasjon

    Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305, Ingeborg.Lunde@vang.kommune.no

    Arbeidssted

    Tyinvegen 5151
    2975 VANG I VALDRES

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Vang Kommune

    Referansenr.: 4696150746
    Stillingsprosent: 0%
    Anna
    Søknadsfrist: 31.12.2026

    Om bedriften

    «Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

     

    Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

    Vi gjer merksam på at  søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5088c833-cae8-4fbf-b0f2-d42c1dc06b9b

    Sist endret

    1. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    85f2fc9b3d754f63a81e1c5c3a39f008

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser