Hopp til innhold

Framtidas eldreomsorg treng deg - gjer ein forskjell der det verkeleg tel!

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Institusjonsdrift

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Har du hjarte for eldreomsorgen, trivst med småprat og likar å bidra med praktiske oppgåver som gjer kvardagen betre for andre? Då kan dette vera jobben for deg.

Som servicemedarbeidar hos oss blir du ein viktig del av eit framtidsretta omsorgstilbod. Du er med på å frigjere tid for helsepersonell, slik at dei kan bruke kompetansen sin der han trengs mest - tett på beuarane. Samtidig er du sjølv ein nær og verdifull ressurs i kvardagen til dei som bur her. Du får gjera viktige ting som å bidra i måltider før, under og etter, og er dermed ei viktig brikke for dei som bur her med at du er tilstades. Tilstades for ein liten prat, eit smil, gi litt omsorg saman med ein kopp kaffi - du er VIKTIG!

Til hausten har me to faste tilsette som skal ut i foreldrepermisjon, i tillegg til at ein fast tilsett går over til arbeid mot fagbrev som helsefagarbeidar. Me søker derfor to personar til vikariat (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter) og ein person til fast stilling (somatisk Ølen omsorgssenter). Alle tre stillingane er 100%, med arbeid på dagtid måndag til fredag.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Gjera klart og delta i måltid
  • Skylleromsarbeid; boss, skittentøy, reingjering
  • Hente og levera mattraller/tøytraller
  • Påfyll skap og rom
  • Andre oppgåver etter arbeidsliste
Me kan tilby:
  • Ein viktig og meiningsfull jobb der du utgjer ein forskjell i menneske sine liv.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Personlege eigenskapar:
    • Omsorgsfull og menneskenær - du bryr deg om andre og ser verdien i dei små augneblikka
    • Sosial og likar å småprate - du skapar trivsel gjennom nærvær, smil og gode samtalar
    • Praktisk og løysingsorientert - du tek tak i oppgåver og får ting gjort
    • Strukturert og sjølvstendig - du held oversikt og jobbar godt etter arbeidslister
    • Fleksibel og samarbeidsvillig - du bidreg der det trengs og jobbar godt saman med andre
    • Positiv innstilling - du bidreg til eit godt miljø for både bebuarar og kollegaer
    • Du forstår kor viktig rolla di er - du ser korleis ditt arbeid gir meir tid til omsorg og fag

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

    Andre opplysningar:
    • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
    • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
    Slik søker du:

    Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

    Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Hege Skeie (Vindafjordtunet)

    +47 90874992 +47 53655912

    hege.skeie@vindafjord.kommune.no

    Om bedriften

    Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c7d70c05-697a-4c60-af57-387ecfd4f134

    Sist endret

    21. mai 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3628167_229835_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser