Er du på leit etter ny og innhaldsrik jobb? Me har no ledig nattevaktstilling!
Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
Østbøvegen 9, 5585 Sandeid
Om jobben
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/barne og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Det er 3 avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eininga tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Kva får du jobba med hos oss?- Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov
- Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar
- Arbeidet er turnus med våkande nattevakter og arbeid kvar tredje helg.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Med vår eigen helgeavtale kan du tenes ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter-meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Eigen studentavtale for studentar innan helse og sosialfagleg utdanning
- Gratis parkering
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Me ser etter deg som har eit fagbrev som helsefagarbeidar eller som ungdomsarbeidar. Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast også til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tilstredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d5963d1-23ed-4793-8dd7-714feea40ab3
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3634019_230985_nn