Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Institusjonsdrift

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Vil du vere med og skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre – og samtidig utvikle deg fagleg?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
6
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet søker no inntil 6 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar, fordelt på fleire avdelingar ved begge institusjonane. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet.

Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem, IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen, og tett samarbeid med lege, fysio og ergo. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient.

No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
  • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
  • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
  • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.
  • Arbeid i eit miljø tilrettelagt med gode hjelpemidlar og takheisar.
  • Arbeide i eit framtidsretta miljø med pasientvarsslingssystem og IKOS tavler.
  • Sjukepleieteam under utforming.
  • Fagdag kvar 6 veke.
Me kan tilby:
  • 25 000,- over KS garantilønn for arbeid på dag/kveld.
  • 40 000,- over KS garantilønn for arbeid på natt.
  • Sjukepleiarar får også lønn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet frå start.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per vakt når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Stimuleringsordning for langvakter på helg, med kr. 500,- per langvakt laurdag og søndag.
  • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. 
  • Årsturnus
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan og med støtte frå arbeidsgivar.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering tett på arbeidsplassen og rabatt på Frisk treningssenter.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 
Personlege eigenskapar:
  • Du ønskjer å gjere ein forskjell – kvar dag – for menneska du møter.
  • Du er fagleg nysgjerrig og likar å finne nye og betre måtar å løyse oppgåver på.
  • Du står støtt i ein travel kvardag, tek ansvar og får ting gjort.
  • Du møter bebuarar med varme, respekt og fagleg tryggleik – også når behova er komplekse.
  • Du løftar blikket, ser kollegaene dine og bidreg til eit arbeidsmiljø der ein heiar kvarandre fram.
  • Du trivst best når du får samarbeide, dele og spele andre gode – fordi du veit at dei beste løysingane skapar vi saman.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Bjørghild Lunde (Vindafjordtunet)

+47 90690455 +47 53656928

bjorghild.lunde@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

590c04c4-b186-4ea4-8436-88ca22034d69

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3633839_229835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser