Spanande stilling fordelt mellom Gnisten og Sandeid bufellesskap
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. juli
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Kva får du jobba med hos oss?- Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov.
- Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar
- Arbeidet er turnus kombinert med ordinære dagvakter på Gnisten og kveld/langvakter ved Sandeid bufellesskap. Arbeid kvar tredje helg med langvakter.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Gratis parkering
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast og til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9aeba9a5-61a6-4c15-a6de-24d5d8d212ac
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3636253_229847_nn