Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for design er det ledig stilling som stipendiat (100 %) innan fagområdet Interiørarkitektur. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.09.2026.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Utfordringar som miljøproblem, klimaendringar, digitalisering, store sosiale skilnader og ei aldrande befolkning pregar i stadig større grad samfunnet vårt. Interiørarkitektur som fagfelt må difor utviklast, tilpassast og styrkast for å møte desse utfordringane.
Ved Institutt for design trur vi at interiørarkitekten si kompetanse og kunnskap om rom, kvalitet, berekraft, brukarmedverknad og materialbruk, saman med ei holistisk tenking, kan skape positive endringar og spele ei sentral rolle i å forme ei berekraftig framtid.
Transformasjon og gjenbruk av eksisterande bygningar, materialar og rom blir stadig viktigare, og dette krev at vi utviklar eit meir medvite om bruk og gjenbruk av ressursar. Samstundes er det naudsynt med auka fokus på sosial berekraft, det vil seie å skape helsefremjande omgjevnader som gir god livskvalitet og tek vare på likeverdige moglegheiter for alle alders- og brukargrupper. Ved Institutt for design ønskjer vi å styrkje forsking og kompetanse på desse områda.
Vi ser etter dyktige interiørarkitektar som kan styrkje fagfeltet og utføre kunstnarisk utviklingsarbeid knytt til eitt eller fleire av desse områda:
- Gjenbruk og transformasjon av bygg og materialar
- Innovativ materialbruk i interiørarkitektur
- Interiørarkitektur og sosial berekraft
I kunstnariskutviklingsarbeid ved Institutt for design vert det lagt vekt på praksis som er reflekterande og prosessdriven. Kandidaten blir knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper. Her får kandidaten jobba saman med kollegaer frå eit breitt designfelt.
Instituttet har tre forskingsgrupper med ulike tematiske tyngdepunkt:
- Sosial nytenking
- Økologisk handlekraft
- Teknologi og materialitet
Kunstutøvinga skal stå i sentrum for ph.d.-resultatet. Det kunstnariske resultatet skal vere eit sjølvstendig arbeid som oppfyller internasjonale standardar når det gjeld nivå og etiske krav innan fagområdet. Refleksjonsmaterialet skal gjere det mogleg for andre å ta del i den arbeidsmåten og innsikta som det kunstnarlege utviklingsarbeidet genererer.
Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga for ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet, og inkorporere dette i utforminga av prosjektet. Meir info om ph.d. programmet ved KMD her.
Instituttet vil halde eit digitalt orienteringsmøte om stillingane den 9.januar 2025 kl.13.00(CET). Delta via: https://uib.zoom.us/j/61299250235?pwd=juIK05VKliZr5otp49EVfRz8YkQ2xx.1
Prosjektskildringa:
Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar og forskingsspørsmål, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1og rettleiing til prosjektskildring for meir informasjonom kva søknaden normalt skal innehalde.
Om stipendiatstillinga:
Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.
Samla stipendperiode er 4 år. Tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid inkludert undervisning, rettleiing etc., som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det skal utarbeidast ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen stipendiaten skal opparbeide seg. Institusjonen har ansvar for at karriereplanen blir følgt opp, og at stipendiaten har tilgang til karriererettleiing gjennom doktorgradsutdanninga.
Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha bachelor- og masterutdanning innan design, til saman minimum 5 år. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
Tilsvarande kompetanse kan unntaksvis vurderast i samsvar med kvalifikasjonsrammeverket, nivå 7. - Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg/designfagleg praksis på høgt nivå.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Dersom den tilsette ikkje har ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 ved tilsetjing, vil UIB tilby gratis norskopplæring med mål om å oppnå norskferdigheiter på minimum dette nivået.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 568 700 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført Bachelorgrad og Mastergrad,
- I tillegg:
- For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement eller autorisert omsetting dersom vitnemål og karakterutskrifter på eit anna språk enn skandinavisk/engelsk.
- For utdanning utanfor EU/EØS vert det kravd godkjenning frå HK-dir Denne godkjenninga må vere på plass innan søknadsfrist. I tillegg må det leggast ved autorisert omsetting av vitnemål og karakterutskrift dersom språket er eit anna enn skandinavisk/engelsk.
- I tillegg:
- Prosjektskildring på inntil 3000 ord(Sjå rettleiing til prosjektskildring).
- Framdriftsplan
- Budsjett (budsjettmal til nedlasting).
- Dokumentasjon av relevant kunstnarleg/designfagleg verksemd
- CV
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Det er ønskeleg med namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiar på master.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.
NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende.
Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, tlf: +47 93861689 , e-post: gustav.kvaal@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3095575-01dc-4dc9-98a3-f75fe53ff51a
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273055
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen