Hopp til innhold

Stipendiat i narrativ datavisualisering

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Langes gate 1-3, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Stipendiat i narrativ datavisualisering
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat i narrativ datavisualisering knytt til Senter for digitale forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Er du ein person som brenn for narrativ og for korleis historier formar måten vi ser og forstår data og informasjon i verda rundt oss? 

Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i narrativ datavisualisering ved Senter for digitale forteljingar, som er del av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking, og er tett kopla til Visualiseringsgruppa (VisGroup) ved Institutt for informatikk. Den som vert tilsett, vil dele arbeidstida si mellom dei to forskingsmiljøa og vil bli oppmoda til å delta aktivt i begge miljøa. Sjølv om kandidaten vil ha noko fridom til å velje kva data som skal brukast i ph.d.-prosjektet, forventar vi at det vert utvikla koplingar til pågåande prosjekt ved CDN, særleg ERC Advanced Grant-prosjektet AI STORIES, samstundes som ein nyttar fullt ut den metodiske og tekniske kompetansen som finst i VisGroup.


Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium:

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 stipendiatar og 13 postdoktorar. Instituttet omfattar fagområda allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk- og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, lingvistikk og teatervitskap. Instituttet er òg vertskap for to senter – Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk – i tillegg til tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.


Om senter for digitale forteljingar (CDN)

Senter for digitale forteljingar er eit norsk senter for framifrå forsking som er dedikert til humanistisk forankra forsking på digitale forteljingar, inkludert elektronisk litteratur, spelstudiar, digital kultur og berekningsbaserte former for historieforteljing. CDN har søkjelys på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar vert mottekne og tolka. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar fører til nye narrative former, korleis materialiteten i digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar materialiteten deira, bruk og funksjon. CDN tilbyr òg eit livleg, tverrfagleg forskingsmiljø med omfattande internasjonalt samarbeid, utstillingar, opplæringstilbod og tverrsektorielle partnarskap.


Om prosjektet AI Stories:

AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence er eit femårig ERC-finansiert prosjekt (2024–2029) leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet utforskar og testar hypotesen om at djupe narrative strukturar i dataa og prosessane som vert nytta til å trene generative KI-modellar, vert reproduserte og kanskje til og med forsterka i outputen frå generativ KI, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative skeivskapar. Dette er humanistisk forsking som nyttar kvalitative metodar frå litteraturvitskap og studium av digital kultur.


Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: 

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.

Stillinga har ein samla periode på tre år, der 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.


 Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjaren må ha:
  • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digitale humaniora, informatikk eller eit anna fag som omfattar opplæring i anten digital design, kritisk teori eller narrativ teori og analyse. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 
  • Erfaring med å utforme og utvikle (dvs. programmere) datavisualiseringar, dokumentert gjennom kursarbeid, portefølje eller kodearkiv.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. 
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
Det er ein føremon med:
  • Kunnskap om kritisk teori og kjennskap til kvalitative analysemetodar.
  • Kunnskap om narrativ teori eller narrativ analyse.
  • Svært gode programmeringsferdigheiter, særleg i utvikling av visuelle grensesnitt og/eller applikasjonar.
  • Kunnskap om prinsipp for UI/UX og grafisk design. 

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet. 

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.


Hos oss får du:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
  • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:

  • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen din for å søkje stillinga. Du bør forklare kvifor du er interessert i stillinga, og kvifor bakgrunnen og forskingsinteressene dine gjer deg godt eigna.
  • Under «CV», oppgi: 
    • Personalia
    • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
    • Språkferdigheiter
    • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve, eller den nyaste rettleiaren dersom søkjaren kjem frå privat sektor.
  • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
    • Prosjektskisse på inntil 2 sider. Prosjektskissa skal tydeleg presentere dei sentrale forskingsidéane du ønskjer å utforske, og forklare relevansen deira både for dine eigne forskingsinteresser og for AI STORIES-prosjektet.
    • Framdriftsplan for prosjektskisse som tek omsyn til opplæringsdelen i ph.d.-programmet.
    • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Last dei opp som vanlege filer dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS.
    • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). 
    • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). 
    • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. 
    • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. 

Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.

Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Nærare om tilsetjingsprosessen her. 


Formelle reguleringar:

  • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. 
  • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. 
  • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte senterleiar, professor Jill Walker Rettbert, e-post: jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: +47 55588431 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55583653. 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktpersoner for stillingen

Anders Fagerjord

Instituttleiar, professor

+4755583653

anders.fagerjord@uib.no

Jill Walker Rettberg

Senterleiar, professor

+47 55588431

jill.walker.rettberg@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37ad38ac-b612-4e68-8807-3bc4f4297098

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10299929

Lignende annonser

Laster lignende annonser