Stipendiat i personnamngransking
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i personnamngransking
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. mai
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i personnamngransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i personnamngransking knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ei unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på området og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet:
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studier har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om Senter for norsk fagspråk
Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt.
Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Om stillinga
Stillinga er knytt til arbeidspakke 4 Namnegransking i Fagspråksenteret (2025–2033). Gjennom tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om utviklinga av personnamnbruk i Noreg.
Eit sentralt tema for arbeidet er korleis personnamnbruk utviklar seg i Noreg i møte med eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, særleg møtet mellom namnetradisjonar hos majoritet og minoritet, med særleg vekt på perioden etter 1970 då innvandringa til Noreg auka markant. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske tilhøvet mellom norsk lovgiving og internasjonale namnesystem, og korleis ulike namnetradisjonar møtest i offentleg forvalting. Gjennom sosioonomastiske og sosiolingvistiske tilnærmingar kan stipendiaten undersøkje korleis val av personnamn reflekterer identitet, tilhøyrsle og kulturell bakgrunn, og korleis namnemateriale kan nyttast til å forstå samfunnsprosessar som fornorsking, assimilering og kulturell integrasjon.
Meir informasjon om Fagspråkssenteret kan du finne her.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
- 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet.
- 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt ved tilsetjing.
- Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, sosiologi, historie, religionsvitskap eller kulturvitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet.
- Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting.
- God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektet bør bidra til å styrkje granskinga av personnamn som grunnforsking og som eit fullverdig forskings- og utdanningsfelt. Personnamn står sentralt i arbeidspakke 4 i Fagspråksenteret.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil òg bli vurdert i kva grad prosjektet kan bidra til ny empirisk kunnskap, metodeutvikling innan namnegransking, og korleis forskinga kan understøtte offentleg forvalting av namn eller kaste lys over allmenne språkvitskaplege problemstillingar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV»,oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg).
- Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i arbeidspakke 4. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen,skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653, eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069 eller 97604624, eller arbeidspakkeleiar Peder Gammeltoft, e-post: peder.gammeltoft@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ecbabfa7-7b83-4da7-8230-a67ef33958c0
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286443