Hopp til innhold

Seksjonsleiar Kontorseksjonen

Arbeidsgiver

Kreftklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar Kontorseksjonen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Kreftklinikken har regionalt ansvar for dei fleste​ former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i regionen (Rogaland og Vestland). ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Vi har ein langsiktig strategi om å tilby ein fremtidsretta pasientbehandling og er i stadig utvikling. 

No treng vi ein ny leiar for kontorseksjonen vår, som vil vere med oss inn i ei ny tid. 

Som seksjonsleiar blir du sentral i å skapa eit godt arbeidsmiljø, motivere og bidra til robust drift av klinikken. Du vil ha personalansvar for 21 dyktige merkantile medarbeidarar og ta del i leiargruppa i klinikken.

Dei merkantile sine oppgåver er knytt til sengepost, innlegging eller poliklinikk. Dei merkantile er ofte dei første som møter pasientane og deira pårørande på sjukehuset, og dei koordinerer timar for behandling i samråd med legar og sjukepleiarar.

Som seksjonsleiar må du kunne kommunisere med ei rekke samarbeidande einingar både i og utanfor klinikken, ha god arbeidskapasitet, og vere ein sterk fagperson i det merkantile faget. Det er ønskeleg med ein leiar som er god til å motivere og støtte dei tilsette, samtidig som du er aktiv i å oppsøke moglegheiter for å betre arbeidsmetodikken.

Vi arbeider med oppgåvedeling og dei merkantile spelar ei viktig rolle i dette. Vi er mellom anna i gang med eit prosjekt der dei merkantile skal ta blodprøvar på sengepost. 

Dersom du er drivande, likar å få ting til i lag med folk og ønsker å vere med på digitalt utviklingsarbeid tenker vi du skal søke på stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Ha fag-, økonomi- og personalansvar for kontorseksjonen
  • Ha opplæring og rettleiing av merkantile i kontorseksjonen
  • Delta i utvikling og forbetring av klinikken sitt arbeid
  • Ta del i dei oppgåver som til einkvar tid ligg til klinikken
  • Utarbeide og analysere rapportar, overvake og kvalitetssikre aktivitetsdata, ventelister og fristbrot
  • Brukarstøtte for merkantile system for klinisk personell og leiarar
  • Vere medlem i klinikken si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesekretær er ønskeleg
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Relevant leiarutdanning er sterkt ønskeleg, men erfaring frå tilsvarande arbeid kan vege opp for manglande vidareutdanning
  • Må ha relevant og god digital kompetanse
  • Erfaring i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivst med å sjå, involvere og utvikle medarbeidarane dine
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du er serviceinnstilt og bidrar til god flyt og handtering av arbeidsoppgåver
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit fagfelt i stor utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Oddbjørn Straume, Direktør, 55972122/

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5132092505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Oddbjørn Straume

Direktør

55972122/

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c2c8c285-bf10-4306-b64c-a24bbc0af5f3

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

68d7d80cfc21482293094b1b8e3b43a0

Lignende annonser

Laster lignende annonser