Familierettleiar/miljøterapeut
Oppvekst, Valle kommune
4747 Valle
Om jobben
- Stillingstittel
- Familierettleiar/miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. mai
Er du ein relasjonsbyggjar som får ting til å skje?
Barneverntenesta i Setesdal søkjer ein sjølvdriven, målretta og trygg fagperson til 100 % fast stilling som familierettleiar/miljøterapeut.
Dette er ikkje ei skrivebordsstilling. Hos oss jobbar du tett på – i heimane, i kvardagen og i relasjonane.
Vi treng deg som evnar å skape tillit raskt, stå i krevjande situasjonar og samtidig halde retning og framdrift i arbeidet.
🔹 Kvifor denne stillinga?
Vi styrkjer no tenesta vår med eigen familierettleiar/miljøterapeut for å:
- gi betre kvalitet og kontinuitet i oppfølginga til barn og foreldre
- vere tettare på familiane og skape endring
- bruke ressursane våre smartare og meir fleksibelt
Arbeidet vil primært gå føre seg i Bygland kommune, og ved ledig kapasitet skal du også bidra aktivt i det førebyggjande arbeidet i Bygland kommune. Noko arbeid i Valle kommune må også påreknast. Valle kommune er vertskommune for Setesdal barnevern.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe direkte med familiar – der dei er
- Drive målretta rettleiing og endringsarbeid
- Byggje relasjonar som faktisk verkar
- Omsetje vedtak til konkret handling og utvikling
- Samarbeide tett med kollegaer og andre tenester
- Dokumentere og evaluere arbeidet ditt
- Bidra inn i førebyggjande arbeid når det er rom for det
- Arbeid på kveldstid må påreknast nokre gonger i veka
Kvalifikasjonar
- Relevant bachelor (barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller tilsvarande)
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- God kunnskap om barnevernlova
- Rettleiingskompetanse er sterkt ynskt
- Sertifiseringar innan rettleiingsmetodar (t.d. COS-I, PMTO, PYC, ICDP eller liknande) vil bli vektlagt
- Erfaring og kunnskap om traumebevisst omsorg og praksis vil bli vektlagt
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest skal ikkje ligge ved søknaden, men må leverast før tiltreding i stillinga
Personlege eigenskapar
Du er ikkje berre fagleg sterk – du får det til i praksis.
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig og tek ansvar for eiga oppfølging
- jobbar målretta og strukturert
- har svært god relasjonskompetanse
- tåler motstand og står stødig i krevjande prosessar
- er fleksibel og løysingsorientert
- har eit ekte engasjement for barn og familiar
Vi tilbyr
- Ein arbeidskvardag der du faktisk gjer ein forskjell
- Eit lag som vil kvarandre vel og jobbar i same retning
- Moglegheit til å påverke og utvikle tenesta vidare
- Fagleg utvikling og rettleiing
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Hedda Helene Schaanning, Leiar for oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.noArbeidsstad
4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5124806112
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Hedda Helene Schaanning
Leiar for oppvekst og barnevern
+47 47642462
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c10d9866-9c0e-4f17-91fd-c263b9b7b6ee
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
73772be80df54cf4a305638b9fe4906a