Hopp til innhold

Assisterande rektor

Arbeidsgiver

Valle skule, Valle kommune

Sted

Harstadvegen 69, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

Er du ein som trivst med utfordringar og fornying og har du lyst til å jobbe med dyktige kollegaer i ein løysingsorientert kultur og eit triveleg arbeidsmiljø? Då er du velkomen til Valle skule i Setesdal! Valle skule er ein skule som inkluderer 1.-10 kl. og vaksenopplæring. 

Me ser etter ein dyktig og engasjert assisterande rektor som skal vere ein del av skulens leiarteam. Det vil og vere aktuelt å kombinere med undervisning, men hovudvekta vil ligge på administrative oppgåver.  Assisterande rektor vil bidra til drift av skulen, inkludert administrasjon, personalleiing, pedagogisk utviklingsarbeid og vere rektor sin avløysar. Du vil bidra til å sikre at skulen opprettheld høge standardar for undervisning og læring, samt i å fremje eit trygt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø.   

Me søkjer ein person med gode leiareigenskapar, gode kommunikasjonsferdigheiter og forståing for utdanningssektoren. Du bør være i stand til å arbeide effektivt i team, samt ta initiativ og leie prosjekter sjølvstendig. Erfaring frå skuleiing eller tilsvarande stillingar er ønskeleg, og en relevant utdanningsbakgrunn er nødvendig.   

Arbeidsoppgåver

  • Vere rektor sin avløysar
  • Vere ein del av skulens leiarteam, som saman lagar ei fordeling av oppgåver  
  • Undervisning i enkelte fag kan vere aktuelt.
  • Bidra til utvikling av skulens strategiske planar og pedagogisk utviklingsarbeid  
  • Administrere personalressursar og medansvar for personale  
  • Administrativ leiing av drift, blant anna ansvar for vikar- og timeplanhandsaming og medansvar for oppfølging av budsjett  
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og arbeidsmiljø  
  • Samarbeid med skule-heim og eksterne aktørar  

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning   
  • Erfaring fra skuleleiing eller tilsvarende stillingar  er ønskjeleg
  • Undervisningserfaring  
  • Gode IKT-ferdigheiter og erfaring med  skuleadministrative system
  • Gyldig politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga 

Personlige eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og evne til å ta initiativ
  • Du er ein tydeleg, inkluderande og motivert leiar   
  • Du har eit positivt menneskesyn og evne til å skape god relasjon med elevar, føresette, kollegaer og leiinga   
  • Du har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team  
  • Du har evne til å arbeide analytisk og strategisk for å realisere organisasjonens mål  
  • Du er fleksibel og løysingsorientert 

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Gratis barnehage
  • SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din:
  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
  • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Agnes Fosse Hovden, Rektor/Virksomhetsleder, +47 +4741932374

Arbeidsstad

Harstadvegen 69
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5120825048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Agnes Fosse Hovden

Rektor/Virksomhetsleder

+47 +4741932374

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1947fb36-56a0-45c8-9fe0-25e9e7932490

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9b0222e9354244fa869e9180e90e3583

Lignende annonser

Laster lignende annonser