Hopp til innhold

Fagarbeidar skule/SFO

Arbeidsgiver

Valle skule, Valle kommune

Sted

Harstadvegen 69, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar skule/SFO
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

Er du ein dyktig barne- og ungdomsarbeidar (ev. assistent) med godt humør og stå på - vilje?

Då treng vi deg i Valle skule og SFO! Valle skule er ein 1-10 skule midt i Setesdal med ansvar for vaksenopplæring i tillegg til grunnskule og SFO. Skulen har 106 elevar fordelt på ei klasse på kvart trinn. Vi har god vaksentettleik, og fagebeidarar og assistentar arbeider tett saman med lærarane for å gje ungane ei god opplæring og ein god kvardag på skulen.

Vi har behov for fagarbeidar/assistent i 100% stilling frå august 2026.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i samarbeid med faglærar 
  • Oppfølging av enkeltelevar og mindre grupper 
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande lærings- og skulemiljø for alle
  • Ta ansvar for aktivitetar og dagleg drift av SFO saman med dei andre tilsette
  • Tverrfagleg samarbeid for å bygge laget kring barnet

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev. Du som ikkje har fagbrev oppmodast og til å søkje, og me kan ev.leggje til rette for fagbrevutdanning
  • Arbeidserfaring innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget 
  • Erfaring med å arbeide med barn/ ungdom 
  • God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er god til å bygge gode relasjonar og skape eit trygt og godt læringsmiljø
  • Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen som arbeidsplass for elevar og tilsette
  • Du er engasjert og ambisiøs
  • Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
  • Du tåler endring i ein hektisk kvardag

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din:
  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
  • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
 

Kontaktinformasjon

Agnes Fosse Hovden, Rektor/Virksomhetsleder, +47 +4741932374

Arbeidsstad

Harstadvegen 69
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5120799610
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Agnes Fosse Hovden

Rektor/Virksomhetsleder

+47 +4741932374

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6376e971-451a-4c2c-be2c-51bb4c8cb153

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b92d58d7f574e8dbc2949e67f0a4461

Lignende annonser

Laster lignende annonser