Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Valle skule, Valle kommune

Sted

Harstadvegen 69, 4747 Valle

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

Har du lyst til å jobbe saman med ein gjeng trivelege kollegaer på ein passeleg stor skule midt i Setesdal? Valle skule er ein 1-10 skule med ansvar for vaksenopplæring i tillegg til grunnskule.

Skulen har god vaksentettleik, og er organisert i team som jobbar tett saman. Vi legg vekt på inkluderande praksis og har fokus på tverrfagleg samarbeid. Skulen har gode fasilitetar og eit godt arbeidsmiljø.

Vi har behov for: 100 % stilling som pedagog fast stilling. I tillegg er det moglegheit for eit vikariat i perioden 01.08.2026 - 31.07.2026.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning tilpasset elevens behov
  • Vurdere, analysere og følgje opp elevens læring og utvikling
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderende lærings- og skulemiljø for alle
  • Delta aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og skulens utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid for å bygge laget kring barnet
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjent undervisningskompetanse- lærarutdanning jmf opplæringslova kap 10 samt forskrift til opplæringslova kap 14.
  • God digital kompetanse og god digital læringsleiing
  • Erfaring med undervisning i grunnskulen
  • Undervisningskompetanse i norsk 5-10
  • Utdanning og/eller erfaring som rådgjevar i skule
  • God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar 
  • Du har god fagleg tryggleik og solid pedagogisk kompetanse
  • Du er god til å bygge gode relasjonar og skape eit trygt og godt læringsmiljø
  • Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen som arbeidsplass for elevar og tilsette
  • Du er engasjert og ambisiøs
  • Du har god evne til å motivere elevane si læring gjennom medverknad og inkluderande undervisning.
  • Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
  • Du tåler endring i ein hektisk kvardag, er fleksibel

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din: 

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt. 

Kontaktinformasjon

Agnes Fosse Hovden, Rektor/Virksomhetsleder, +47 +4741932374

Arbeidsstad

Harstadvegen 69
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5120143098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 12.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Agnes Fosse Hovden

Rektor/Virksomhetsleder

+47 +4741932374

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

72d3e468-cd00-451c-8e97-6ca850c1e808

Sist endret

28. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9826b50d43f84f8192439aadbf2a34e9

Lignende annonser

Laster lignende annonser