Er du utdanna barnehagelærar?
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- 100% fast stilling som barnehagelærar i Lærdalsøyri barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. mai
Har du lyst til å jobbe med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?
I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som likar born, er god på relasjonsbygging, samarbeid og utvikling.
Er du utdanna barnehagelærar? Då har du ei unik moglegheit hjå oss.
Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.
Me deltek for tida i eit REKOMP utviklingsarbeid med fokus på næringsrik og berekraftig mat i barnehagen. Utviklingsarbeid er ein viktig del av vårt pedagogiske arbeid, og for å lukkast med dette må alle tilsette bidra aktivt.
Ønskjelege kvalifikasjonar:- Barnehagelærarutdanning
- God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:- Planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar på avdelinga
- Observasjons-, vurderings- og dokumentasjonsarbeid knytt til enkeltbarn og barnegruppa
- Gjennomføring av foreldresamtalar
- Samarbeide tett med pedagogisk leiar om organisering av avdelinga
- Stadfortredar for pedagogisk leiar
- Andre arbeidsoppgåver må påreknast
- Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS.
- Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
- Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c03c6fb8-1706-40e3-a45d-9ce77d37b1a8
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3627803_228191_nn