100% stilling som ingeniør innanfor oppmåling ved Byggesak
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Arbeidsoppgåver:
Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart & oppmåling og landbruk i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse jobbar 2 personar med oppmåling. Det er no ledig 1 stilling innanfor oppmåling.
I stillinga ligg det oppmålings- og landmålingsoppgåver, deriblant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.
I stillinga ligg det og sakshandsaming og ajourføring, geodata-arbeid, forbetring og utvikling av kartdatabasane, matrikkelføring, adressering, arkivarbeid mm. Du vil og bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil mellom anna samarbeide med byggesakshandsamarar, samfunnsplanleggarar, landbruksrådgjevarar, samt kommunen si vass- og avløpsteneste. I tillegg vil rettleiing internt og eksternt vere ein viktig del av stillinga. Stillinga kan og verta tillagt andre oppgåver ved behov.
Ynskte kvalifikasjonar:
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå (relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning)
Autorisasjon som landmålar
Kunnskap/ erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling
Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
God IKT-kompetanse
Bilsertifikat
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å arbeide sjølvstendig
Evne til å arbeide nøyaktig og systematisk
Serviceinnstilt, initiativrik og pliktoppfyllande
Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen på ein positiv måte
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
Fast 100% stilling
Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
Lønn etter avtale
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Informasjon om vidare prosess
Ta gjerne kontakt med verksemdsleiar for meir informasjon.
Me ynskjer ikkje kontakt med annonsørar.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bfe21511-a57a-4cf3-b652-b801c5476c02
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581639_194017_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Sted
Odda
Maskiningeniør / Konstruktør
Arbeidsgiver
Oppsteg AS
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Odda