Hopp til innhold

100% fast stilling som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Hestavoll barnehage

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Vil du ha ein av verdas viktigaste jobber?

Ullensvang kommune har ledig tre 100% stillingar, fast som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage. 

 

Hestavoll barnehage har ledige tre 100% stillingar som barnehagelærar/ pedagogisk leiar frå hausten 2026, det kan vere høve for tidlegare oppstart etter avtale med verksemdsleiar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar verte ledig. Du kan difor søke stillinga dersom du ynskjer ein innhaldsrik og variert arbeidskvardag i barnehagen saman med gode kollegaer og flotte barn. 

Barnehagen har 3 avdelingar fordelt på 60 plasser. Hestavoll er ein internasjonal barnehage som held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Vi legg stor vekt på å bygga gode relasjonar i alle ledd og fremja eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø blant kollegaer, og det er låg terskel for å spørje kvarandre om hjelp om ein treng. Eit godt arbeidsmiljø, humør og trivnad ser vi har ei positiv innverknad på barna sin kvardag.

Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på kultur og kreativitet med fokus på musikk og drama. Vi har med anna felles sangstund kvar månad, og eit større dramaprosjekt i vinterhalvåret som endar i ein dramafest. Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og vaksne er glade for å nytta gjennom året.

 

Arbeidsoppgåver :
  • Lede det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument. 

  • Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.

  • Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.

  • Være aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.

  • Samarbeid med foreldre og andre instansar; som ppt og helsestasjon.

 

Kvalifikasjonar og krav:
  • Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30

  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

 

Personlege eigenskaper:
  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.

  • Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.

  • Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.

  • Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.

 

Me tilbyr:
  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

  • Gode utdanningsstipend

  • Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000

  • Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.



Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

 

  • Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

  •  

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

     

    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette".

     

    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

     

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Kari Aalvik

    +47 975 58 693

    kari.aalvik@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    13ded98c-77da-47dc-9edb-d03da0f3487a

    Sist endret

    25. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3600069_193979_nn

    Lignende annonser