Hopp til innhold

100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Eidesåsen friluftsbarnehage

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eideåsen friluftsbarnehage

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars


Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.


Ullensvang kommune er ein kommune med tretten barnehagar. Oppvekstsektoren i kommunen er organisert i einingar: barnehage, skule og støttefunksjonar (ppt/logoped, barnevern og helsestasjon) Det er godt samarbeid mellom dei ulike tenestene, og vi har fokus på tverrfagleg samarbeid.

Ullensvang kommune har ledig 100% fast stilling som barne og ungdomsarbeider i Eidesåsen friluftsbarnehage


Stillinga er ledig frå 1.mai 2026


Eidesåsen friluftsbarnehage er ein to-avdelings barnehage med 42 plasser. Barnehagen ligg på ein naturplass 3 km unna sentrum, med ein småbarnsavdeling fra 1-4 år og ein stor avdeling fra 3-6 år. 

Eidesåsen friluftsbarnehage har natur og friluftsliv som satsingsområdet, dette har vi hatt siden oppstart av barnehagen i 1991. Barnehagen har profil som friluftsbarnehage. Vårt arbeid tek utgangspunkt i natur og friluftsliv, vi er mykje ute og på tur.

Våre verdier bygger på respekt, mangfold, likeverd og likestilling.

Vi legger til rette for trivnad, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd og førebyggjer krenking og mobbing.

 

Vår visjon er:

“Opplev venskap og naturglede saman med oss”


Som Barne-og ungdomsarbeidar har du medansvar for:

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å delta aktivt i å planleggja, gjennomføra, og vurdera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø

  • å visa respekt og omsorg for barna og familiane deira.

  • at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet

  • tverrfagleg samarbeid med ulike instansar

  • kan bli pålagt rettleiing av lærlingar


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Fagutdanning som barne og ungdomsarbeidar.

  • Anna relevant kompetanse og erfaring vert vurdert.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon


Personlege eigenskapar:

  • Ha kjennskap til og interesse for friluftsliv og aktivtetar i skog og mark

  • Trives med å vere mykje ute med friluftsliv, og i leik og aktivitet med barna 

  • Ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Vera ein synlig og tydeleg, men mild vaksen i barnegruppa

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera til stades og ha fokus på kvalitet


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtalar

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Politiattest


  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Heidi Sandvin Vangen

    +47 912 45 602

    heidi.vangen@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    8dcc9d0f-3b40-42a3-b95f-2f40558c5f68

    Sist endret

    20. februar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3598785_193975_nn

    Lignende annonser