100% prosjektstilling som tilsynslege i Ullensvang kommune
Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Ullenvang kommune ynskjer å tilsetta tilsynslege i prosjekt for å prøve ut 3+3 ordning i eit år. Det er mogleg med fast tilsetting i etterkant av prosjektet.
Stillinga som tilsynslege gjeld for fleire institusjonar i Ullensvang kommune med hovudtyngd på Bokko bo og behandlingssenter, Eide Helsetun i Odda og 1 institusjon til.
ØHD senger inngår og i ansvarsområdet til tilsynslege.
Ansvarsområda for tilsynslegen: somatiske institusjonsplassar, korttidsplassar, rehabilitering, palliasjon, demens og psykiatri.
ØHD; 2 senger lokalisert ved Helse Fonna sitt sjukehus i Odda
Stillinga er under utvikling, og som tilsynslege vil ein vera med på denne prosessen med å bygge opp tilbodet pasientane får når dei er innlagt ved ein av dei kommunale institusjonane. Du deler ansvaret med ein annan tilsynslege.
Vi ynskjer å tilby ei arbeidstidsordning som er 3 veker med jobb og 3 veker fri i 100% stilling.
Det er mogleg å legge til legevakter i ordninga om det er eit ynskje.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for den medisinske pasientbehandlinga
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper for å gje eit heilhetlig tilbod til pasientane
- Veilede, undervise og informere pasientar, pårørande og kollegaer
- Undersøkelse, diagnostikk og behandling for pasientar ved institusjonane og ØHD
- Samtale med pasientar og pårørande
- Legemiddelgjennomgong
- Samarbeid med den kommunale fastlegeordninga og spesialisthelsetenesta
Kvalifikasjoner og utdanningskrav
- Lege med norsk autorisasjon.
- Politiattest
- Gode norskkunnskaper skriftlig og muntlig og god språkforståelse, minimum B2 nivå
- Evne til å benytte aktuelle IKT-verktøy
- Det er en fordel med spesialisering innan allmennmedisin, geriatri og kjennskap til sjukeheimsmedisin.
Arbeidstidsordning: vi ynskjer å prøve ut ei ordning med 3+3, i rotasjon med 1 tilsynslege i kvar periode.
Vi tilbyr:
- Lønn etter avtale
- Heimekontorløysing
- Arbeidstid som kan tilpassast
- Hjelp til å finne bustad i oppstartsfasen
- Moglegheit til å bygge verdifull kompetanse i sjukeheimsmedisin og kommunehelsetenesta
- Forutsigbar og stabil jobb med eit stort tverrfaglig miljø
- Eit godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning
- Fri gruppe- og ulykkesforsikring både i jobb og på fritid
Vi legg stor vekt på relevante personlege eigenskapar, som at du er:
- Motivert for stillinga og har interesse innan fagfeltet.
- Fagleg dyktig og trygg i rolla
- Evne til sjølvstendig arbeid, samarbeide med kollegaer, jobbe tverrfagleg og vere strukturert og målretta
- Gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
- Vere med å skapa eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel og ha ei positiv innstilling til sjukeheimsmedisin og allmennmedisin
- Personlege kvalifikasjonar vektlegges
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6bac6a8e-b0a0-44c0-911a-2e26b5ee5e2c
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3597917_193159_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Helsestasjon
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik