Hopp til innhold

Kommunal lege fast 100% 3. gongs utlysning

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Helse

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Kommunal lege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukeheimslegen vi gler oss til å få med på laget!

Kvinnherad kommune ønskjer å opprette ei ny 100 % legestilling knytt til legetenesta. Stillinga er knytt til Rosendalstunet dei første to åra. Institusjonen har seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtidsplassar, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang til treningsfasilitetar. Som sjukeheimslege er du ein del av eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til denne stillinga er det 1,1 årsverk i kliniske legestillingar fordelt på tre legar.

Rosendalstunet ligg i nydelege omgjevnader ved Hardangerfjorden (ja, du får nydeleg utsikt på kjøpet kvar dag).

 Omtale av stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert lege som har strukturert arbeidsstil, kan jobba sjølvstendig og delta i kvalitetsutviklande arbeid. Vi ønskjer ein lege med kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkarar med annan relevant bakgrunn vert òg vurderte. Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vert vektlagde. Søkarar bør ha gjennomført LIS1/turnus, ha norsk autorisasjon som lege og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

ALIS
Kvinnherad kommune er registrert som utdanningsverksemd i allmennmedisin. For kandidatar i ALIS‑løp kan vi tilby individuell utdanningsplan, rettleiing og internundervisning. Detaljar vert avtalte i samband med tilsetjing.

Oppstart
Det er mogleg med snarleg oppstart og redusert stillingsprosent.

Arbeidsoppgåver:
  • Gi heilhetlig medisinsk oppfølging av pasientar, inkl. legevisitt, innkomstjournal, epikrise, årskontroll, legemiddelgjennomgong, samtykkevurdering og behandlingsavklaring
  • Sikre god og korrekt dokumentasjon
  • Dialog med pasient og pårørande
  • Tverrfaglig samarbeid med øvrige faggrupper på sjukeheimen
  • Samhandling med fastlegar, andre kommunale tjenester og spesialisthelsetjenesta
  • Bidra til internundervisning, kompetanseheving og fagutvikling
  • Holde seg fagleg oppdatert, mellom anna ved å delta på relevante møter og kurs 

 

Vi tilbyr
  • Engasjert og fagleg sterkt sjukeheimslegeteam med fagmøte annan kvar månad
  • Avsett tid til fag/undervisning og dekning av relevante kurs
  • Høve til å møte mange ulike pasientgrupper og problemstillingar
  • Konkurransedyktig løn (etter avtale)
  • Offentleg pensjonsordning
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
  • Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
  • Dekning av flyttekostnader etter nærare reglar
  • Trygt og godt oppvekstmiljø
  • Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra
 

Legevakt
Kvinnherad kommune har eiga legevakt. Det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid dersom du ønskjer det, men det er ikkje pålagt.

Oppstart
Ønskt oppstart er 01.08.2026, eller etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

 

einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055

irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Irina Zimina

+47 488 94 055

irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c2aa56e9-c1d3-4b84-ab15-4a59ad0121bd

Sist endret

9. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3636313_226021_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser