Hopp til innhold

Radiograf

Arbeidsgiver

RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Radiograf
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du ein radiograf som vil jobbe med fotontellande-CT?

Seksjon Volda ved avdeling for radiologi Ålesund/Volda søkjer etter ein radiograf i turnus som har lyst på ein spennande arbeidskvardag med oppgåver frå traumer til polikliniske pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte og ein får jobbe både sjølvstendig og i team.

Seksjonen har ledig ei fast stilling og eit vikariat på 6 måneder med moglegheit for forlenging.

Radiologisk avdeling i Volda er godt utstyrt med foton-CT, MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, ultralyd og osteodensitometri. Vi har eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige tilsette. I dag har avdelinga 17 radiografstillingar, der 14 inngår i ei roterande tredelt turnusordning. Vi har særleg behov for radiograf som kan inngå i turnus, men vi ønskjer òg kontakt med kandidatar som av ulike grunnar og for ein periode, ønskjer å arbeide dagtid.

Volda sjukehus har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og modernisering. Vi har nyleg fått ny MR-maskin og nytt konvensjonelt røntgenlaboratorium, og ny foton-CT blir installert i starten av 2026.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre radiograffagleg arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar
  • Arbeide ved alle laboratoria (CT, MR, konvensjonell røntgen med og utan gjennomlysing, ultralyd og osteodensitometri)
  • Medverke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling, samtidig som pasientane sitt behov for omsorg og pleie vert ivareteke
  • Bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø i tett samarbeid med kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som radiograf med norsk godkjenning
  • Erfaring frå CT, MR og generell radiografi er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig, målretta og tek ansvar
  • Du lærer raskt og er open for ny kunnskap
  • Du er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Du er fagleg engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
 

Om Volda:
Midt mellom fjord og fjell finn du Volda – eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar i Sunnmørsalpane. Her finn du alt frå enkle turstiar til spektakulære toppturar. Regionen har eit rikt kultur- og idrettstilbod, samt eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar, med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Skipenes Andersen, Seksjonsleiar, lisbeth.andersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5041848567
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 19.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf0102c5-1d3b-4e85-b4dd-2e2d866ff3ce

Sist endret

20. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

692c3187ae124e6eb46a8a19082a1c68

Lignende annonser

Arbeidsgiver

RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Volda

Arbeidsgiver

Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Volda