Radiograf
Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Radiograf
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. mars
Seksjon Volda ved avdeling for radiologi Ålesund/Volda søkjer etter fleire radiografar i turnus som har lyst på ein spennande arbeidskvardag med oppgåver frå traumer til polikliniske pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte og ein får jobbe både sjølvstendig og i team.
Seksjonen har ledig to faste stillingar og eit vikariat på 12 månader med moglegheit for forlenging.
Radiologisk avdeling i Volda er godt utstyrt med foton-CT, MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, ultralyd og osteodensitometri. Vi har eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige tilsette. I dag har avdelinga 17 radiografstillingar, der 14 inngår i ei roterande tredelt turnusordning. Vi har særleg behov for radiograf som kan inngå i turnus, men vi ønskjer òg kontakt med kandidatar som av ulike grunnar og for ein periode, ønskjer å arbeide dagtid.
Volda sjukehus har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og modernisering. Vi har ei moderne MR-maskin, nytt konvensjonelt røntgenlaboratorium, og ny foton-CT.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utføre radiograffagleg arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar
- Arbeide ved alle laboratoria (CT, MR, konvensjonell røntgen med og utan gjennomlysing, ultralyd)
- Medverke til forsvarleg og effektiv pasientbehandling, samtidig som pasientane sitt behov for omsorg og pleie vert ivareteke
- Bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø i tett samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som radiograf med norsk godkjenning
- Erfaring frå CT, MR og generell radiografi er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, målretta og tek ansvar
- Du lærer raskt og er open for ny kunnskap
- Du er positiv og har gode samarbeidsevner
- Du er fagleg engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om Volda:
Midt mellom fjord og fjell finn du Volda -- eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar i Sunnmørsalpane. Her finn du alt frå enkle turstiar til spektakulære toppturar. Regionen har eit rikt kultur- og idrettstilbod, samt eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar, med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
10e2ee96-04a7-46d1-bba5-e893b15f7323
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
453588061