Hopp til innhold

Inspektør tilsyn Bergen

Arbeidsgiver

Arbeidstilsynet

Sted

5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
5

Søk på jobben

Søk senest mandag 20. april

Inspektør – Tilsyn 
Arbeidstilsynet, Bergen
 
Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
 
Arbeidstilsynet skal bidra til at tilsette ikkje blir sjuke av arbeidet eller skadde på jobb. Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å sørge for godt arbeidsmiljø, men vi i Arbeidstilsynet kontrollerar og rettleier.
 
Tilsyn er vårt viktigaste verkemiddel for å kontrollere at verksemdene i landet oppfyller krava i arbeidsmiljøregelverket. Dette inneber både kontroll og rettleiing i verksemder i ulike næringar og bransjar. Tilsyn er ofte retta mot lønns- og arbeidsvilkår, organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk tryggleik, førebygging av ulykker og kjemiske og biologiske arbeidsvilkår.
I 2026 har vi fått tildelt ekstra midlar for å auke innsatsen vår mot useriøse aktørar og sosial dumping. Difor treng vi nå enda fleire dyktige medarbeidarar. 
Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og bakgrunn og med ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Det gjer eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søke jobb hos oss. Vi legg arbeidsplassen til rette for deg viss du har særskilde behov.
Visjonen vår er "Saman for eit godt arbeidsliv". For å greie det styrer vi etter verdiane våre, som er "modig, klok og tydeleg". Det ønskjer vi at du òg skal vere.
Vi søker no etter fem inspektørar til vårt kontor i Bergen. Her vil du vere ein del av eit tverrfagleg miljø med 9 juristar og 25 inspektørar frå ulike fagområde. 

Seksjonen arbeider med verksemder i fleire bransjar og med ulike arbeidsmiljøfaglege tema. Som inspektør vil du vere mykje ute i verksemdene på tilsyn, og jobben inneber ein del reising.

 
Arbeidsoppgåver 
  • gjennomføre tilsyn med at verksemder arbeider systematisk med helse, miljø og tryggleik, hovudsakleg i risikoutsette bransjar med vekt på grunnleggjande lønns og arbeidsvilkår
  • planlegge, gjennomføre og følge opp tilsynssaker i tråd med planar, rutinar og regelverk
  • samarbeide med andre kollegaer, samarbeidande etatar og myndigheiter

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. 
 
Kvalifikasjonar
  • utdanning på bachelornivå, gjerne teknisk, juridisk eller samfunnfagleg utdanning
  • anna relevant utdanning eller erfaring kan kompansere for manglande formell utdanning
  • gode samarbeidsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • førarkort for personbil (B) 

 
Det er ein fordel om du også har
  • erfaring frå tilsyn, dvs. kontroll og rettleiing
  • erfaring med saksbehandling
  • kunnskap om krava arbeidsmiljølova stiller til arbeidsmiljø i verksemdene
  • erfaring frå systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik
  • kjennskap til forvaltningslova og offentleglova
  • erfaring frå allmenngjorte bransjar som bygg, hotell og restaurant, transport og jordbruk

 
Vi søker deg som
  • trivst med å kommunisere med menneske ute på ulike arbeidsplassar    
  • har evne og motivasjon til å jobbe med samfunnsoppdraget vårt i ei myndigheitsrolle
  • har gjennomføringsevne og lyst til å skape resultat
  • er strukturert og styrer arbeidsdagen din innanfor gitte rammer
  • er fleksibel og villig til å utføre oppgåver på nye område når det er nødvendig
  • ønsker å utvikle deg i inspektørrolla, dele kunnskap og erfaringar og bidra til å gjere kollegaene dine gode

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 
 
 
Det er mange gode grunnar til å jobbe i Arbeidstilsynet. Hos oss får du:
  • lønn etter statens lønnsregulativ som inspektør, kode 1343 (kr  620 000 til kr 750 000) eller seniorinspektør, kode 1371 (kr 650 000 til kr 830 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse: https://www.spk.no
  • gode ordningar: https://www.arbeidstilsynet.no/om-oss/ledige-stillinger/hva-tilbyr-vi-vare-ansatte
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • moglegheiter for å medverke og påverke eigen arbeidskvardag
  • hyggelege kollegaer i eit utviklande læringsmiljø 

 
 
Viktig å vite før du søker 
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagde tilsyn frå Arbeidstilsynet.
 
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngi i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntak.
 
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søker stillinga.
 
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
 
Vil du vere med på laget? Søk no - eller ta kontakt viss du vil vite meir!
Kontaktperson er seksjonsleiar Jens Erik Romslo, tlf.nr.: 986 76648.
 
Klikk på «Søk på stilling»-knappen på denne sida for å få meir informasjon og for å søke på stillinga.

Kontaktperson for stillingen

Jens Erik Romslo

98676648

JENS.ERIK.ROMSLO@ARBEIDSTILSYNET.NO

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bdef0061-2c4e-4f5a-9e13-18fe20538646

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

sap

Referanse

860 20.04.2026 - 1960gebn

Lignende annonser

Laster lignende annonser