Arkivfagleg rådgjevar eller seniorrådgjevar
Nasjonalarkivet
Årstadveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Arkivfagleg rådgjevar eller seniorrådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Kva vil du gjere hos oss?
I Nasjonalarkivet vil du få ei rekkje spennande oppgåver. Du skal sørgje for at publikum får tilgang til dokumentasjon knytt til rettsspørsmål. I tillegg skal du hjelpe både offentleg forvaltning, forskarar, forfattarar og journalistar som treng tilgang til arkivmateriale.
Brukarane kontaktar oss primært via skjema på nettsida. Du skal gjere arkivundersøkingar, vurdere innsyn og sørgje for at svara er korrekte og i tråd med god forvaltningsskikk. I tillegg skal du rettleie publikum på telefon og lesesal – som del av eit lag dyktige kollegaer som deler kunnskap og hjelper kvarandre.
I Bergen vil du jobbe særleg tett med eit lag på fire andre erfarne saksbehandlarar, men du vil òg ha kollegaer over heile landet som jobbar med dei same oppgåvene. I Bergen treng vi deg som er motivert for å byggje opp god bestandskunnskap og gjere avanserte arkivsøk i ein fysisk bestand som omfattar arkivmateriale som dekkjer fleire hundreår.
Vi ser etter deg som trivst med endring og som aktivt bidreg til utviklinga vår.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå eller høgare innan historie eller andre relevante fag. Har du arkivkunnskap eller jus i fagkrinsen, er det ein fordel.
Du har relevant arbeidserfaring (nokre år for rådgevar), gjerne frå arbeid med papirarkiv, depotinstitusjonar eller saksbehandling av førespurnader frå brukarar i offentleg forvaltning, gjerne også med innsynsvurderingar.
Du jobbar effektivt, nøyaktig og med god kvalitet.
Du har gode relasjons- og samarbeidsevner, trivst med høgt arbeidspress og har eit sterkt ønske om å yte god service til dei varierte brukargruppene våre. Du må meistre norsk på høgt nivå og ha god handskriftskompetanse. Du må vere innstilt på å arbeide med begge målformer. Kan du lese gotisk handskrift, er det ein fordel.
Du likar å samarbeide tett med erfarne kollegaer og ser verdien av kunnskapsdeling, men jobbar òg sjølvstendig og kan gjere gode prioriteringar i ein travel arbeidskvardag. I Nasjonalarkivet er det mykje fjernleiing, noko som både stiller krav til deg og gir deg stor fridom. Vi legg difor vekt på at du er personleg eigna i stillinga.
Kva får du hos oss?
Som organisasjon har vi ein uformell kultur, stor kompetansebreidd og fagleg sterke miljø fordelte på dei 11 ulike lokasjonane våre.
I dei flotte, historiske lokala våre sentralt i Bergen jobbar seksten engasjerte medarbeidarar. Her er det god tilgang til offentleg transport og tilsettparkering. Det er òg høve til trening i arbeidstida, anten i treningsrom eller ved å ta i bruk dei gode turvegane i nærområdet.
I tillegg set dei tilsette pris på dei trygge rammevilkåra våre, som:Vi har fleksibel arbeidstid med kjernetid, sommartid, trening i arbeidstida og gode ordningar for avspasering. Dette støttar ein god balanse mellom arbeid og privatliv.
Konkurransedyktige vilkår med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse, der arbeidsgjevar betaler det meste av pensjonspremien – berre 2 % blir trekt frå lønna di.
Stillinga er lønna som rådgjevar (1434) med 540.000-680.000 kr. per år for søkarar med kortare relevant arbeidserfaring og bachelorgrad. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Stillinga er lønna som seniorrådgjevar med 645.000 - 775.000 kr. per år og krev utdanning fortrinnsvis på masternivå eller tilsvarande, og lengre relevant arbeidserfaring. Det er vidare krav om erfaring frå utgreiing- og utviklingsoppgåver, i tillegg til evne til kompetanseoverføring og leiing av fagleg arbeid. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
For å bli tilsett som seniorrådgjevar forventar vi at du raskt blir sjølvgåande i stillinga og bidrar aktivt til å vidareutvikle og styrkje den arkivfaglege kompetansen lokalt i Bergen og i Nasjonalarkivet som heilskap. Stillinga forutset høg fagleg kompetanse og solid erfaring med innsynspraksis, avanserte arkivsøk i fysiske arkivbestander, håndskriftskompetanse og forbetringsarbeid innan relevant verksemd. Som seniorrådgjevar vil du arbeide sjølvstendig med krevjande oppgåver og utgreiingar på eit høgt fagleg nivå. Du kan få ansvar for fagleg rettleiing, kvalitetssikring av arbeid utført av kollegaer og støtte til leiarar i å sikre fagleg kvalitet. Stillinga kan i tillegg omfatte koordineringsoppgåver og leiing av fag- eller arbeidsgrupper.
Møt våre ansatte her!
Hør mer fra våre medarbeidere i Nasjonalarkivet om hvordan det egentlig er å jobbe hos oss! 👉
Video: https://youtu.be/7pAtahgn-cg?si=vup6A_MIViZWtqEWKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Nasjonalarkivet
Nasjonalarkivet tar vare på arkiver fra statlig og privat sektor. Vi leverer tjenester til offentlig forvaltning i form av standarder, regelverk, veiledning og tilsyn.
Vårt samfunnsoppdrag vil kreve store omstillinger i en digital tidsalder, der vi har mål om å ha effektive og selvbetjente løsninger. Vi skal både veilede arkivskapere og tilgjengeliggjøre Norgeshistorien for publikum. Vi er nasjonens hukommelse og nåtidens arkivvoktere.
Les mer på www.nasjonalarkivet.no
Vi oppmodar til å søkje
I Nasjonalarkivet trur vi at vi utviklar dei beste løysingane når vi får inn ulike perspektiv og erfaringar. Målet vårt er å spegle heile breidda i samfunnet vi tener. Derfor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk tilhøyrsle.
Vi jobbar aktivt for å skape eit arbeidsmiljø der alle har like moglegheiter, og vi forpliktar oss til å leggje til rette arbeidsforholda slik at dei møter behova dine.
Til informasjon
Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
Søkjarane vil bli varsla om dette på førehand.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a1b7f1a8-5f4b-4642-88f5-1a2579b11b90
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10292166