Hopp til innhold

Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Psykisk helse og rus

Sted

Bøtun 3, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Er du vår nye kollega?

Frå august 2026 får me ledig stilling som behandlar i psykisk helseteneste. Tenesta er ein del av ei større verksemd som også omfattar Rask psykisk helsehjelp (RPH), rustenesta, miljøtenesta og Nyving.

I psykisk helseteneste gir me hjelp og behandling til personar over 18 år med ulike psykiske helseutfordringar – frå moderate til meir alvorlege. Målet vårt er å førebyggje, styrkje meistring og gi behandling som gjer kvardagen lettare for den einskilde. Me legg vekt på aktiv deltaking og samarbeid mellom timane for å oppnå best mogleg resultat.

Hos oss møter du eit fagmiljø med brei kompetanse innan psykisk helsearbeid og vidareutdanning i kognitiv terapi. Me held til i moderne og funksjonelle lokale, der kvar behandlar har sitt eige kontor og gode vilkår for fagleg utvikling og samarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta og individuelt tilpassa råd og rettleiing av innbyggjarar i kommunen med moderate til alvorlege psykiske helseplagar.
  • Psykoedukasjon.
  • Bruk av digitale behandlingsverktøy.
  • Samhandling med interne og ekstrerne samarbeidspartnarar.
  • Bidra til kompetanseutvikling i avdelinga.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesse. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Du må vere autorisert sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Relevant vidareutdanning er eit krav.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg. 
  • Førarkort klasse B er naudsynt.

I tillegg er det ønskjeleg at du har: 

  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid.
  • Erfaring med profil som dataverktøy.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: 

  • Kan arbeide sjølvstendig, tek initiativ og samarbeider godt.
  • Er trygg i relasjonsarbeid – også i krevjande situasjonar.
  • Har evne til å jobbe tverrfagleg og ser verdien av godt samarbeid.
  • Er løysingsorientert, strukturert og tek ansvar i arbeidet.
  • Er kreativ, open for nye idear og ønskjer å bidra i utviklingsarbeid

Ved tilsetjing vert det gjort ei heilskapleg vurdering, der me legg vekt på utdanning, erfaring, motivasjon og personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer.
  • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode høve for utvikling.
  • Ekstern vegleiing.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar:

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Ann-Elisabeth eller Synnøve. 

Kontaktinformasjon

Ann-Elisabeth Haldorsen, Avdelingsleiar, 936 55 289, ann.elisabeth.haldorsen@bomlo.kommune.no
Synnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Bøtun 3
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5091219897
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Synnøve Sørvik

Verksemdsleiar

986 62 884

synnove.sorvik@bomlo.kommune.no

Ann-Elisabeth Haldorsen

Avdelingsleiar

936 55 289

ann.elisabeth.haldorsen@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo! 

Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.

Kven er me?

Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.

Kva får du hos oss?

Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.

Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.

Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bb241d63-d4ce-4da0-a003-9bbcb761ceb2

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6217eba5d56c4febb79b5276f9100e86

Lignende annonser

Laster lignende annonser