Vil du gjere ein skilnad i kvardagen til andre? Søk som miljøterapeut!
Habiliteringstenesta, Bømlo kommune
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Har du eit brennande engasjement for å skape meistring og livsglede for andre? Har du erfaring frå habilitering og ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande tilbod? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Stillinga er eit 100% vikariat i turnus med arbeid kvar tredje helg og oppstart etter avtale.
Om tenesta vår:
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er om lag 128 årsverk som yter heildøgns tenester i 10 burettslag, i tillegg til dagtilbod. No søkjer me etter ein positiv og fleksibel miljøterapeut som vil vere med og gjere ein forskjell!
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål, med fokus på omsorg og utvikling for kvar enkelt tenestemottakar.
- Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak, journalføring og dokumentasjon.
- Oppfølging og rettleiing etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
- Samarbeid med avdelingsleiar om dagleg drift, utvikling av tenesta og utføring av delegerte arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, inkludert pårørande og verje.
- Delegerte arbeidsoppgåver frå avdelingsleiar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Me søkjer primært etter autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
- Søkjarar med relevant bachelorutdanning innan helse-, sosialfagleg eller pedagogisk retning kan også bli vurdert.
- Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Norskferdigheiter tilsvarande nivå B2 i samsvar med nasjonal norskprøve for universitet- og høgskuleutdanna.
- Førarkort klasse B.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå systematisk og målretta miljøarbeid, samt habilitering.
- Arbeidserfaring med mennesker med ulike funksjonsvariasjonar.
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
- Kompetanse og erfaring med digitale system (t.d. Profil, Visma).
Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming jfr. Helse og omsorgstenestelova § 5-4 a.
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Sjølvstendig, men trivst med å jobbe i team.
- Uredd og trygg i krevjande situasjonar.
- Handterer dagar med mykje aktivitet og trivst med variasjon.
- Løysingsorientert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
I vurderinga av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysningar:
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Kontaktinformasjon
Karina Torkelsen Solli, Avdelingsleiar, 913 10 537, karina.torkelsen.solli@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5109655332
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3df7d3de-5b7d-4e12-b3f2-dfb91daf06a3
- Sist endret
23. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e9fcf512202c42e2abe0e9e5c8a7fa36